Riksantikvaren rosar restaureringsplanar

Publisert:5. mars 2009Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Riksantikvaren skildrar Naturhistorisk museum som eit kulturhistorisk og antikvarisk unikum. Universitetsdirektøren er hoppande glad.

Etter ei synfaring på De Naturhistoriske Samlinger har Riksantikvaren kommentert restaureringsplanane som ligg føre frå Universitetet si side. Slik På Høyden har skrive tidlegare, planlegg ein ei omfattande resturering, oppgradering og ombyggjing av museet, som mellom anna skal husa både festsalar og restaurant.

– Vakker og spesiell
I sin kommentar til planane seier Riksantikvaren at samlingane har ”meget høy kulturhistorisk og antikvarisk verdi”. Særleg framhevar ein midtfløyen med sine utstillingar, som har mykje å fortelja om tidlegare tiders utstillingsteknikkar og formidlingsmetodar. ”Samlet sett er samlingen både vakker og spesiell, og hvalsalens høye verdi kan ikke understrekes nok”, kan ein lesa i Riksantikvaren sin kommentar.

– Hoppande glad
Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken ser på rosen som ei oppmuntring for det store arbeidet universitetet skal setja i gang med.

– Eg vart hoppande glad då eg fekk høyra om dette. Det er særs inspirerande, og styrkar prosjektet, seier ho.

Prosjektet inneber både restaurering og nytenkjing når det gjeld bruk. I sin kommentar stør Riksantikvaren dette, men understrekar at midtfløyen ikkje bør gjennomgå større endringar med omsyn til den antikvariske verdien. I følgje UiB sine planar er det heller ikkje snakk om andre endringar enn å flytta på ein monter, noko Riksantikvaren ser på som eit rimeleg krav.

Museet er teke med i verneplanen for Kunnskapsdepartementet, og vert truleg freda under Landsverneplanen.

Positiv diskusjon
Elvbakken trur ikkje verneplanane vil vera til hinder for dei planane som ligg føre.

– Midtpartiet er den eldste delen av museet. Sidefløyane er bygd noko seinare, og der opnar Riksantikvaren for at me kan gjera større endringar, seier ho.

Som På Høyden tidlegare har skrive er ein no i ferd med den ytre restaureringa av bygget. Neste steg i framdrifta er å leggja meir detaljerte planar for innsida av museet, noko UiB og Riksantikvaren vil føra vidare diskusjonar rundt.

– Våre møte med Riksantikvaren har vore positive. Somme har nok frykta at det skulle verta vanskeleg å setja i gang med prosjektet, men kommentaren frå Riksantikvaren gjer at me startar i ei positiv ånd, seier Elvbakken.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed