Opna forskarskulen i klimadynamikk

Publisert:16. mars 2009Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Gratulasjonane hagla over Tore Furevik på fredag, då Norsk forskarskule i klimadynamikk vart offisielt opna. I kampen mot klimaendringane skal skulen skapa ein ny type forskarar.

Forskarskulen i klimadynamikk vart offisielt opna på fredag av rektor Sigmund Grønmo, som gratulerte både Geofysisk Institutt, Bjerknessenteret og Tore Furevik.

Furevik skal leia forskarskulen, som vart ein av fem søkjarar, av i alt 27, som fekk tilslag frå Forskingsrådet hausten 2008. Dermed vanka det  24 millionar kroner til forskarskulen, i åtte år framover.

Nye tankar
- Det kjennest godt å endeleg å få setja i gong med dette prosjektet, seier Furevik til På Høyden etter opninga.

I sin tale til forsamlinga fortalde Tore Furevik at ein treng ein ny type forskar for å møta klima-utfordringane ein står ovanfor. Målet er å skapa ein generasjon med forskarar med store nettverk nasjonalt og internasjonalt, med både breidde- og djupneforståing av klima. Ein vil også leggja vekt på at phd-studiene skal innebera opplæring i nettverksbyggjing, etikk, og formidling.

Furevik trur endringane er positive.

- Då eg tok min ph.d-grad for ti år sidan fekk ein eit prosjekt, som ein arbeidde med det til ein var ferdig. Dei som er ferdige no har ein heilt annan ballast.

Han ser særleg på formidling av kunnskapar som viktige.

- Det er viktig å setja fokus på klimautfordringane i dagens samfunn. Me treng fleire som kan snakka med politikarar og media. Det er eit komplekst område, difor treng me folk med ulike spisskompetansar, som snakkar det same språket.

Bretter opp ermene
I sitt innlegg fortalde professor ved UiB, Helge Drange, at klimaframtida ser både våt og tørr ut.

- Dei som trur me ikkje har eit problem i dag vil verta overraska i morgon, sa Drange til dei frammøtte.

Furevik ser ikkje på dystre statsitikkar som demotiverande for måla til Forskarskulen.

- Me må berre bretta opp ermene. Me kan aldri resignera når det gjeld klimaet vårt. Det er snarare ein motivasjon at me forskar på eit tema som er så alvorleg og viktig for verdssamfunnet, seier leiaren.

Forskarskulen er ei brei nasjonal satsing, med fleire partnarar frå klimaforskings- og utdanningsmiljøa i Noreg. Skulen skal ha sitt sentrum ved Geofysisk institutt i Bergen. Samstundes satsar ein også på eit breitt internasjonalt samarbeid, til dømes medStockholm Universitet, Massachusetts Institute of Technology og GEOMAR-instituttet i Kiel.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed