Istid i nytt perspektiv

Publisert:3. mars 2009Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Dagens bre- og klimamodellar byggjer på teorien om at isen låg tjukt over det sentrale Skandinavia under siste istid. Men i Rondane og Dovre har forskarar frå UiB funne teikn på at dette ikkje stemmer.

I over hundre år har botanikarar og geologar diskutert om det var isfrie områder i Rondane og Dovrefjell då den siste istida var på sitt maksimale for omlag 20.000 år sidan. Dette spørsmålet er viktig for å forklare utbreiinga av sjeldne fjellplanter, kor mykje nedbør det var under istida, korleis nedbøren var fordelt og for den atmosfæriske sirkulasjonen.  

At det ikkje var isfrie områder, er den teorien dagens bremodellar er grunna på. Men no har Svein Olaf Dahl, professor i naturgeografi ved Institutt for geografi og tilknytt Bjerknessenteret, Henriette Linge, førsteamanuensis ved  Institutt for geovitskap og Aage Paus, førsteamanuensis ved Institutt for biologi funne teikn på at biletet kan vere eit heilt anna.

– Me har funne at ein må redusere isoverflata med inntil tusen meter samanlikna med rådande bremodellar. Det gjer at store område stakk opp av isen, seier Dahl.

Grønlandsisen står modell
Den siste istida varte i meir enn 100.000 år, med periodar med meir og mindre is. I Skandinavia var den største utbreiinga av isdekket heilt på slutten av istida, for om lag 20.000 år sidan.

– Frå vestkysten av Skandinavia antar ein at isoverflata har auka i høgde austover mot sentrale delar av Skandinavia, og at isoverflata i området Rondene-Dovrefjell var omlag 2000 meter over havet, seier Dahl. 

 
Rondane ”dry valleys”  ligg midt i det skandinaviske isdekket når det hadde si største utbreiing på slutten av siste istid for om lag 20.000 år sidan. Illustrasjon frå Svendsen et al. (2004).

Det er dagens Grønlandsis som på mange måtar står modell for teorien om korleis isen under siste istid var. Grønlandsisen er nemleg høgast på midten, og minkar utover mot kanten av isen. I dette biletet passar det ikkje at store område mellom Rondane og Dovrefjell hadde lite is då istida var på det maksimale. Men Dahl, Linge og Paus har nytta tre uavhengige tilnærmingar som peikar mot at store delar av Rondane og Dovrefjell var isfritt på denne tida. Dahl meiner ein no må fri seg frå biletet av Grønlandsisen.

– Rondane ligg i det området som ein har trudd hadde mykje is under siste istid. Det vil seie at det burde ha vore tjukk is her, men me finn heilt andre tal, seier han. 

Fastslår isfrie flater
Henriette Linge og Svein Olaf Dahl har kombinert to uavhengige metodar for å fastsetje når og kor lenge isen har lagt i området mellom nordlege Rondane og Dovrefjell, og kor lenge det har vore isfritt her. 

Ved hjelp av eksponeringsdatering, kan ein fortelje kor lenge ei bergflate har vore fri for is. Når isen forsvinn, vert berget utsett for stråling frå verdsrommet. Strålinga fører til at det vert utvikla unike nuklidar (grunnstoffatom) i bergflata.

– Ein isbre vil skure bort nuklidar som vart danna i berget før isen kom, når isen forsvinn igjen vil nuklidar bli produsert på ny. Difor kan konsentrasjonen av desse seie noko om når siste isavsmelting skjedde og kor lenge berget har vore isfritt, seier Henriette Linge, som er ekspert på eksponeringsdatering.

Den andre metoden, optisk stimulert luminescens datering (OSL), fortel kor lenge det er sidan eit sediment sist blei transportert og utsett for sollys. Når sediment vert avsett og begravd vil svak radioaktiv stråling påverke mineralkorna over tid, dei fungerer som naturlege måleinstrument for stråledosar. Stråledosen kan målast i laboratoriet.

– Me ser etter sediment som er vassavsett og som må ha vore utsett for sollys før det vart avsett, seier Linge.

Polar ørken
I nordlege delar av Rondane er det i dag svært liten årleg nedbør.

– Rondane er verkeleg eit knusktørt område. Det meste av nedbøren som kjem i Rondane kjem om sommaren i form av torebyger, seier Dahl.

Årsaka til at det er så tørt i Rondane, er at fjella i vest og sør tar av for nedbøren som kjem frå sør-sørvest over Sør-Noreg. Det skapar regnskugge i Rondane og Dovrefjell.

Dahl meiner det var endå tørrare i området under siste istid. Det gav eit klima som gir ”dry valleys” eller polare ørkenområde. I Rondane ”dry valleys” var det så tørt at det var vanskeleg å få isoppbygging. I dag finn ein polare ørkenar mellom anna i Antarktis, på Svalbard og nordlege delar av Grønland.

Like nord for Rondane ligg dei kjente plantefjella Knutshøane. Dei er svært artsrike, med planter som har  ei spesiell utbreiing. Botanikaren Aage Paus har mellom anna studert fjellplanta norsk malurt som berre finnest i Sør-Noreg, Ural og Skottland, med hovudvekt på Dovre.

– Planta har truleg overlevd på fjell som stakk opp av ein tynn isbre der plantene kunne overvintre, seier Paus.

Pollenrestar
Undersøkingane til Paus passar i biletet til Linge og Dahl. Han har gått laus på planterestar avsett i høgareliggjande fjellvatn på Dovre og like nord for Knutshømassivet. I borekjernar med botnavsetjing frå desse vatna, finn Paus pollen og barnålrestar inne mellom stein, grus og leire. Desse ligg djupare enn lag frå byrjinga av etter-istida for 11.500 år sidan.

– Tidlegare har ein tenkt at alt var dekt av is inntil for 11.000 år sidan. Men me finn avsetjingar eldre enn 11.500, og desse kan eg sjå er avsett i varmt og klart vatn, altså ikkje under ei issmelting. Eg reknar med at desse avsetjingane er fem-seks tusen år eldre enn 11.500. I eitt vatn er botnen estimert til å vere 16.-17.000 år gammal, i eit anna er botnen kanskje omkring 18.000 år. Men me finn spor som viser at det var organisk materiale midt i istida, seier Paus.

Han har funne pollen av mange fjellplanter, som norsk malurt, fjellvalmue og reinrose. Han har også funne restar av barnåler frå einer, furu og gran, noko han finn oppsiktsvekkande. Det tyder nemleg på eit gunstig klima i fjellheimen på den tida.

Problemet er at desse avsetjingane ikkje inneheld nok organisk materiale til at ein ved hjelp av C14-metoden kan fastsetje alderen. Paus har no eit mål om å finne eit vatn der planterestane er så store at dei kan daterast ved C14.

Bremodellar må revurderast
Den rådande ismodellen seier at isoverflata nord for Rondane strakk seg vel 2000 meter over havet under siste istidas maksimum for 20.000 år sidan. Med tre uavhengige metodar talar funna til både Dahl, Linge og Paus i staden for at dette estimatet må senkast til det halve.

– Dei funna me gjer, seier at det må ha vore mindre is enn maksimumsmodellen i dag tilseier, maksimum ligg for høgt i dag. Dette er den viktigaste implikasjonen for bremodellane, seier Svein Olaf Dahl.

Kor tjukk isen verkeleg var, kan igjen fortelje ein del om nedbørsmengde, og om korleis denne var fordelt. Dahl peiker på at maksimumsmodellen tilseier at nedsmeltinga av breen byrja for alvor 11 - 12. 000 år sidan. Med sine nye funn, meiner han at nedsmeltinga kan ha byrja før dette, men at den gjekk svært langsamt. 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed