Minneord over Brynjulf Alver

Publisert:27. februar 2009Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Professor i folkloristikk Brynjulf Alver døydde laurdag 21. februar, 84 år gammal.

Brynjulf Alver var fødd i Kristiansand 28. september 1924 og var i mykje av oppveksten på garden Ytre Fosse i Alversund i eit miljø der forteljetradisjonen stod sterkt, og det var her interessa hans for folkeminne vart vekt.

Etter krigen utdanna han seg til folklorist og arbeidde som universitetslektor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo i 1960-åra. Han la stor vekt på det faglege samarbeidet i Norden og såg det som eit viktig grunnlag for utviklinga i dei små fagmiljøa. Difor tok han imot tilbodet om å leia Nordisk institutt for folkedikting som den gongen hadde sete i København. Her sat han som direktør 1967-68. I 1972 vart han tilsett som dosent i folkeminnevitskap ved Universitetet i Bergen. Han hadde òg tidlegare vore knytt til Nordisk institutt, hadde systematisert samlingane etter Torleiv Hannaas og hatt eit nært samarbeid med felespelaren Arne Bjørndal om boka – og fela ho lét: Norsk spelemannstradisjon. Frå 1973 og framover gjennom 70- og 80-åra styrde han med stø hand Etno-folkloristisk institutt, som hadde tilhald der Raftostiftelsen no er. Han vart utnemnd til professor i folkloristikk i 1983, og arbeidde ved instituttet til han gjekk av i 1994. Som emeritus var han stadig aktiv i faget sitt. Eitt av dei siste store arbeida gav han ut saman med venen Reimund Kvideland; det var boka om den kjende kvedaren Olea Crøger. – Han gløymde aldri at han var stril, og han var stolt av det. Dei siste tre tiåra budde han i heimen sin på Ytre Fosse, i det miljøet han sette så høgt. Han var det lokale og det regionale sin mann. Han var ein høgt skatta foredragshaldar både i bygda og i byen.

Som folklorist og fagbyggjar har Brynjulf sett djupe far etter seg i den akademiske verda. Han kom til å verka ved Universitetet i Bergen i ein periode då verksemda ekspanderte sterkt. Ei rekkje nye fag kom til, også ved Det historisk-filosofiske fakultetet, og studenttalet auka raskt. Han stod saman med kollegaene Reimund Kvideland og Bente Gullveig Alver i spissen for utviklinga av ein ny profil i studietilbodet ved instituttet. Her var Brynjulf ein inspirerande lærar for fleire generasjonar studentar. Han skapte eit særmerkt sosialt og fagleg miljø ved å knyta saman teoretisk kunnskap og erfaringskunnskap. Dei studentane han hadde, vil aldri gløyma dei dagane i instituttkjøkenet der han lyfte dei gamle tradisjonane inn i det moderne gjennom handling. I gangane låg det ofte ein dåm av brødbakst, blodsuppe, smalahove og brygging. Og merkedagane, som var Brynjulfs store spesialitet, markerte han med heiteveggar, mortensgås, rømmegraut og ribbe.

Forskingsfeltet til folkloristikk var folkekulturen i vid forstand, og her var han ein fornyar. Han var ein markant kritikar av perspektiva som då rådde innafor faget i Noreg. I boka Draumkvedet: folkevise eller lærd kopidikting legg han til dømes vekt på kva plass folkediktinga hadde i kvardagslivet, i staden for å undersøkja diktinga sitt opphav. Han distanserte seg frå det romantiske synet som såg på folkekulturen som uttrykk for nasjonal kontinuitet. Målet med forskinga kunne ikkje vera å avdekka røtene til kulturelle fenomen, men å forstå korleis dei fungerte her og no, meinte han.

Han viste også korleis segner ikkje først og fremst var kjelde til sanning i historisk forstand, men snarare ei kjelde til alternative, marginaliserte versjonar av historia. Derfor var det traderingsprosessar snarare enn tradisjon han interesserte seg for. Folkekultur var såleis ikkje nødvendigvis noko som berre høyrde fortida til. Ein burde studera samtida, ikkje avgrensa studiefeltet til det innsamla materialet som fanst i folkeminnesamlingane. Han oppfordra studentar og forskarar til å gjera feltarbeid i samtida og samla nytt materiale til forståing av kvardagens kulturelle prosessar. Desse nye perspektiva var i takt med utviklinga òg i andre humanistiske fag, og ikkje minst med internasjonale tendensar innafor folkloristikken. På 1980-talet var det vesle miljøet vertskap for både ein stor verdskonferanse og ein europeisk konferanse. Dette var instituttet si glanstid med eit breitt nordisk og internasjonalt fagleg nettverk.

Det var ikkje berre innafor universitetet sine rammer han var engasjert i kulturminnearbeid. Han var ein viktig støttespelar i Ole Bullakademiet og hadde ei brei kontaktflate i museumsverda, blant anna som aktiv styremedlem i både Hordamuseet og Vestlandske Kunstindustrimuseum. Som pensjonist var han aktiv i arbeidet med å skriva lokalhistorie for Lindås.

Brynjulf var aldri redd for å seia det han meinte. Det kunne òg føra til frisk blest omkring han. Med sin burleske spøk og sitt lune humør var Brynjulf ein lite sjølvhøgtideleg professor som ofte kom i lusekufte og sokkeleist eller tresko. Han treivst aller best i lag med aktørane i det kvardagslege kulturlivet utafor universitetet – med forteljarane, kvedarane, spelemennene.

Med Brynjulf Alver har vi mist ein ruvande personlegdom, ein god kollega og ein kjær ven. Som vi kan seia det med den samiske forfattaren Nils-Aslak Valkeapää:

Og når alt er forbi
høyrest ingenting lenger
ingenting

og det høyrest

Vener og kollegaer i det kulturvitskaplege fagmiljøet ved AHKR

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed