Jaktar på energi frå jordas indre

Publisert:3. februar 2009Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Med satsing på forsking og samarbeid skal det nye Norsk senter for djup geotermisk energi løyse utfordringane knytta til utvinninga av varme frå jordskorpa.

Mandag underteikna representantar frå Universitetet i Bergen saman med ei rekke partnarar frå utdannings- og industrisektoren ein avtale om opprettinga av Norsk senter for djup geotermisk energi. Senteret har som mål å planlegge og koordinere forskings- og utviklingsarbeid innan djup geotermisk energi på landsbasis. BKK var vert for stiftingsmøte som samla 32 deltakere frå heile landet.

UiB i spissen
I startfasen skal Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved UiB vere ansvarleg for koordinering av senteret og Inga Berre, førsteamanuensis ved Matematisk institutt, er fagleg frontfigur. UiB har saman med fleire partnarar allereie fått tilslag på eit prosjekt med Berre i spissen, og med det som no er eit sterkt konsortium i ryggen trur ikkje Geir Anton Johansen, prodekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved UiB, at det vil bli vanskeleg å få fleire midlar til senteret.

– Vi har eit godt grunnlag for å søke midlar både frå Forskingsrådet og EU, seier han.

Forskar på ny boreteknologi
Geotermisk energi er varme lagra i jordskorpa, primært frå radioaktive bergartar, men også frå mantelen i jorda si kjerne. Varmen vert henta opp gjennom borehol, der ein sirkulerer kaldt vatn som vert varma opp og ført til overflata. Det varme vatnet kan deretter nyttast direkte til mellom anna fjernvarme, eller konverterast til elektrisk energi.

Geotermisk energi vert allereie nytta i stor utstrekning som energikjelde mellom anna på Island. Her ligg varmen frå jordas indre lett tilgjengeleg nære jordoverflata. I Noreg og andre land som Tyskland og USA som også satsar på djup geotermisk energi, dukkar det opp heilt andre typar utfordringar som Norsk senter for djup geotermisk energi no vil vere med å løyse.

I første omgang er det behov for ei kartleggjing av kva område på norsk grunn som eignar seg for utvinning av geotermisk energi. Men med den teknologien som er tilgjengeleg i dag, er det først og fremst boringa som avgjer prisen på utvinninga av djup geotermisk energi. Eit viktig satsingsområde for senteret vert ny og billegare boreteknologi, og Johansen har tru på at løysingar er like om hjørnet. Vidare er det også utfordringar knytt til å hente mest mogeleg varme ut frå berggrunnen og til konvertering av varme til elektrisk energi.

– Ein av partnarene i senteret, professor Arild Rødland ved NTNU, leiar et prosjekt der det er  utført lovande forsøk, seier Johansen.

Satsar trass manglande FME-status
I april i fjor gjekk UiB, Unifob, CMR og HiB saman med ei rekke partnerar innanfor høgare utdanning og industri om ein søknad om å verte eitt av dei nye forskningssentra for miljøvenleg energi (FME). Søknaden scora høgt på forskingsmiljø og samarbeid, men slapp likevel ikkje gjennom nålauget fordi geotermisk energi ikkje er med i strategiplanen Energi 21, energiaktørane sin strategi for forsking og utvikling innan energisektoren.

Når partnerane no likevel har bestemt seg for å satse på djup geotermisk energi, er det fordi dei er misnøgde med at denne energikjelda er uteleten frå Energi 21.

– Vi vel å starte dette senteret for å vise kor sterk tru vi har på djup geotermisk energi. Denne energikjelda er ikkje åleine løysinga på verdas energiutfordringar, men eit viktig bidrag. Den er ei av fleire energikjelder som vert sentrale i framtida, seier Johansen.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed