Mi inspirasjonskjelde: Olga Dysthe

Publisert:1. desember 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Eit sabbatsår i California skulle vise seg å vere kimen til Olga Dysthe sin karriere.

Fortel om ein person, eit verk eller ei hending som har vore avgjerande for det akademiske karrierevalet ditt.

Det første karrierevalet mitt var å bli lektor i vidaregåande skule. Med lærarskule i botnen, norsk, engelsk og magistergrad i litteraturvitskap kjende eg meg godt kvalifisert for skulejobben, og eg syntes det var utruleg kjekt å undervise. Kimen til mi akademiske karriere blei lagt i 1986 då eg følgde med mannen min Kristian på sabbatsår til California, - med eit lite stipend frå fylkeskommunen i Troms for å undersøke korleis skular i USA brukte datamaskinen som læringsreiskap i humanistiske fag. Eg valde å gjere det ved å få innpass som observatør i ei rekke skuleklassar.

Det resulterte i fleire viktige erfaringar:

 1) Det fantes svært lite fornuftig pedagogisk bruk av datamaskinen i den praktiske skulekvardagen, bortsett frå som skrivereiskap.

2) Derimot oppdaga eg ”prosessorientert skriving”, det vil seie at elevane i dei fleste klassane jobba med tekstane sine gjennom ei rekke faser; dei fekk tilbakemelding frå lærar og medelevar på fleire utkast og brukte kommentarane som hjelp til å skrive om før dei leverte produktet.

3) Det å sitje bak i eit klasserom som observatør ga ei heilt ny forståing av kva som fremma og hemma læring enn det læraren sjølv kan fange opp.

4) Eit utanfrå-perspektiv på eigen skule og norsk utdanning gir ny innsikt.

5) Mange av lærarane eg fekk kontakt med sto sentralt i å forandre skrive- og vurderingspraksis i heile skuleverket i California. Dei var oppdaterte på skriveforsking, eit nytt og spennande tverrfagleg forskingsfelt med fagfolk i engelsk, lingvistikk, retorikk, kognitiv psykologi, pedagogikk og fagdidaktikk. Eg lærte av dette at studiet av komplekse fenomen krev ulike perspektiv, og at ingen sit med ’sanninga’ åleine.

Når eg ser tilbake, er det opplagt at alle desse erfaringane var avgjerande for ei rekke vegval med konsekvensar for resten av mitt yrkesaktive liv: å skrive boka Ord på nye spor i 1987 basert på det eg lærte om skrivepedagogikk i USA, samt utprøving i eigne klassar i Tromsø;  å søke doktorgradsstipend i 1989 endå eg nærma meg 50; å velje kvalitative forskingsmetodar for å få kunnskap om korleis elevar og studentar lærer; og ikkje minst val av forskingstematikk som eg framleis ikkje er ferdig med: Korleis kan skriving, rettleiing, vurdering og IKT fremme læring på alle nivå i utdanninga?

Kontakten med fagmiljø i California har vore ei viktig inspirasjonskjelde vidare. Eit år ved Center for the Study of Writing ved Berkley førte til boka Det flerstemmige klasserommet, med empiri frå både USA og Norge. Våren 2006 hadde eg mitt siste forskingsopphald ved UCSB, eit universitet på storleik med UiB. Dette universitetet gir, som dei fleste andre amerikanske universitet, systematisk skriveopplæring. Ca 30 stillingar er prioriterte til undervisning i poenggivande kurs i fagskriving på alle nivå! Kor mange har UiB?

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed