Kvinner minst skeptiske til homofili

Publisert:15. desember 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Nær ein tredel av norske menn grøssar ved tanken på homofile menn. Det kjem fram i ei ny undersøking av den nordmenns haldningar til lesbiske, homofile og andre ikkje-heteroseksuelle personar.

I ei ny norsk undersøking kjem det fram at eit fleirtal av nordmenn generelt har velvillige haldningar til lesbiske, homofile, biseksuelle og transpersonar. 95 prosent av alle kvinner seier at dei er held seg positive eller nøytralt innstilt til lesbiske kvinner og homofile menn. For menn er dei tilsvarande tala 84 prosent i forhold til lesbiske kvinner og 72 prosent i forhold til homofile menn.

Men biletet vert eit anna når deltakarane i undersøkinga blir bedt om å ta stilling til konkrete utsegn. 29 prosent av mennene seier seg samde i utsegna ” Når jeg tenker på homofile menn, grøsser jeg”. 28 prosent av mennene seier seg samde i  ”Jeg synes homofile menn er frastøtende”. For kvinner er tala høvesvis 10 og 8 prosent. 

– Svara syner truleg at eit stort fleirtal ser det som ein verdi å ha ei tolerant haldning til lesbiske og homofile. Generelt kjenner ein seg tolerant og ønskjer å vere tolerant, men i meir konkrete spørsmål viser det seg meir negative reaksjonar, seier Norman Anderssen, førsteamanuensis ved avdeling for samfunnspsykologi.

Ein samfunnsverdi
Anderssen har nyleg gjennomført ei undersøking om nordmenns haldningar overfor lesbiske, homofile, biseksuelle og transpersonar (lhbt-personar) i Noreg. I dag vart den første rapporten etter undersøkinga.

Sjølv om Noreg er eit land der ein har kome relativt langt i arbeidet for rettar og likeverd for lesbiske og homofile, har det likevel ikkje vore gjennomført undersøkingar blant den vaksne befolkninga om deira haldningar til ikkje-heteroseksuelle personar.

Anderssen er ikkje overraska over resultatet, der eit stort fleirtal av nordmenn viser velvillige haldningar til denne gruppa.

– Svara me har fått gjenspeglar ein verdi i Noreg no, om at lhbt-personar er ok. Folk viser det ved å krysse av for denne verdien. Men i eit konkret møte, er det truleg andre sider ved folk sine haldningar som kjem fram, seier Andersen.

Dette vitnar også noko svarprosenten i dei aktuelle utsegnene om. 44 prosent av mennene seier seg samde i utsegna: ”Sex mellom to menn er ganske enkelt feil”. Samstundes seier 24 prosent av mennene seg samde i utsegna: ”Sex mellom to kvinner er ganske enkelt feil”. For kvinnene er svara høvesvis 20 og 17 prosent.

Kvinner er mest tolerante
Undersøkinga stadfester ei allmenn oppfatning av kvinner som meir tolerante overfor LHBT-gruppa enn menn. Medan kvinner stiller seg likt overfor lesbiske kvinner og homofile menn, viser det seg at menn gjennomgåande stiller seg meir negative til homofile menn enn lesbiske kvinner.

– Dette rører ved spørsmålet om det mannlege og det kvinnelege, og at det betyr noko å utfordre dei vanlege kategoriane, spesielt for menn. Menn er meir restriktive på dei fleste område her i verda, ikkje berre på dette temaet. Det er verdt å merke seg at kvinner meiner det same om lesbiske kvinner og homofile menn, medan menn er meir skeptiske til homofile menn enn til lesbiske kvinner, seier Anderssen.

Tidlegare undersøkingar på området har sett på erfaringane til personar i lhbt-gruppa. Her kjem det fram at til dømes unge lesbiske jenter og homofile gutar har meir sjølvmordstankar, er meir utsette for vald, og dei er meir uroa for mogleg stigmatisering.

– Det er fleire indikasjonar på at lhbt-gruppa brukar energi på å leve i ein potensielt marginaliserande situasjon. Eg trur ikkje dei overdriv, sjølv om eit tydeleg fleirtal av den vaksne befolkninga viser velvillige haldningar, seier Anderssen, og fortset.

– Svara i undersøkinga viser også at mange er meir skeptiske til lhbt-personar når dei blir stilte meir konkrete spørsmål. Dei typiske tenke- og handlemåtane i høve til lhbt-personar  kjenner sjølvsagt lhbt-personar like godt som alle andre, og dei veit såleis godt at mange både er generelt positivt innstilte og konkret meir skeptiske.

Han meiner at tala viser at verdien om toleranse og aksept for personar med annan seksualitet enn heteronorma, står såpass sterkt i samfunnet, at det no vil vere gunstig å innføre tiltak i skule, helsevesen og arbeidsliv som går i retning av openheit og toleranse.

– Det er ei gunstig tid for å konsolidere verdien av likeverd og akseptering, seier Andersen.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed