Dykkar etter norske frontkjemparar

Publisert:2. november 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Leivningar etter det som kan vere norske SS-soldatar blei funne på botnen av Kapanezsjøen i Russland for nokre veker sidan. Nordmennene vart drepne av russarane under andre verdskrig.

I juni 1944 sto over hundre norske frontkjemparar i stillingane på den skogkledde Kaprolathøgda og den nærliggande Hasselmannhøgda i Russland. Myrområdet rundt var minelagd for å beskytte nordmennene.

Natta etter St. Hans, den 25. juni greidde likevel ein stor styrke russiske soldatar å gå til angrep på dei norske stillingane. Først gjekk dei til åtak på Kaprolat, og då denne var nedkjempa blei også Hasselmannhøgda angripen.

Av dei kring 190 norske frivillige SS-soldatane blei 40 tatt til fange, mens 40 andre klarte å sleppe unna ved å symje over Kapanezsjøen. 100 nordmenn vart drepne og dei har sidan lege i ope terreng eller i sjøen.

Funn på sjøbotn
Etter at unionen i aust braut saman, har det vore mogleg å undersøke området. I sommar reiste forskarar ved UiB til det myrlendte området Karelen i Russland for å leite etter leivningane av soldatane. Karelen ligg mellom Finland i vest og Kvitsjøen i aust, så vidt nord for Polarsirkelen i Russland.

Den norske Skijegerbataljonen 6. kom til Finland i februar 1944 og var sett opp som ein skiløparavdeling som skulle drive oppklaring. Det dei gjorde var å søke etter sovjetiske styrkar og posisjonar i russisk Karelen. I mai 1944 hadde dei fleste av veteranane fått permisjon heim til Noreg, og berre ein sterkt redusert bataljon bemanna dei to høgdene.

Til no er det funne leivningar etter kring 56 av soldatane, men det ferske funnet på botnen av Kapanezsjøen gjev håp om å finne langt fleire. Forskarane veit at mange av dei norske soldatane freista å flykte ned mot vatnet og fleire klarte å symje over. Men nokre vart drepne tett ved vasskanten og andre medan dei var i vatnet.

– Når vi reiser tilbake på ein ny ekspedisjon der vi får med oss dykkarar og betre metalldetektorar, trur vi sjansane er gode for å finne att nærast alle dei norske soldatane, seier Stein Ugelvik Larsen, professor emeritus i statsvitskap ved UiB. Han leier Kaprolatkomiteen, som arbeider med å identifisere dei norske leivningane som fall i dette slaget.

I følgje dei russiske dykkarane er det svært gode dykkeforhold i Kapanezsjøen, særleg tidleg på våren og seint på hausten. Dykkarane vil og søke i det som vært kalla ”Støvlesjøen”, som ligg mellom Kaprolat og Hasselmann.

Fekk hjelp av veteranar
Fleire av dei overlevande soldatane var med komiteen til Karelen i sommar. For dei tre veteranane var det ein strabasiøs tur, men minna deira viste seg å vere til uvurderleg hjelp for forskarane. Veteranane sine opplysningar i området gjorde det langt lettare å rekonstruere fluktruta dei norske soldatane nytta då dei innsåg at kampen mot dei sovjetiske styrkane var tapt.

– Kunnskapen som veteranane sit inne med viste seg å vere utslagsgjevande for at vi fann leivningar etter 7-8 av dei norske soldatane, seier Ugelvik Larsen. Dei andre funna var gjort i skyttargravene og bunkarane.

Han veit førebels ikkje med sikkerheit om leivningane på botnen av Kapanezsjøen stammar frå ein nordmann, eller om det kan vere restar etter ein tysk eller russisk soldat som enda sine dagar i vatnet. Før ein kan vere sikre, må det takast prøvar av skjelettet som skal testast mot DNA frå dei norske soldatane sine slektningar. Han understrekar likevel at det er gode sjansar for at mannen dykkarane har funne er ein nordmann.

Møysommeleg arbeid
I løpet av feltarbeidet i sommar fann Kaprolatkomiteen leivningar etter truleg 23 norske soldatar. Frå tidlegare har russarar, som har saumfart området på jakt etter gjenstandar frå krigen, som hjelmar, dødsmerke og beltespenner, avdekka leivningar etter 28-33 soldatar.

Det sikre talet er likevel vanskeleg å slå fast. Mange av beinrestane er i dårleg forfatning, og samlarar har teke med seg mange av dei gjenstandane, særlige dødsmerka som alle soldatane hadde kring halsen, som kunne ha vore brukte for å identifisere leivningane. Beinrestane har også vorte spreidde utover, kanskje som eit resultat av at fleire av dei norske soldatane vart sprengte av granatar eller at dyr har flytta på dei døde kroppane.

Sterke møte
Det er eit grundig vitskapleg arbeid forskarane må gjennomføre. I tillegg til fysisk leiting etter leivningar, har kontakta med pårørande stått sentralt. DNA-prøvar frå dei pårørande vert testa mot DNA frå skjeletta i håp om å kunne identifisere flest mogleg av soldatane.

For Kaprolatkomiteen innehar prosjektet i tillegg til det vitskaplege arbeidet også ein ikkje så reint liten humanitær bit. Møtet med slektningane til dei omkomne frontkjemparane har gjort inntrykk.

– Dei pårørande har eit sterkt ønske om å få vite kva som hendte og mange ønskjer å kunne få ført dei døde soldatane heim. Også frontkjemparane har krav på ei verdig grav. Vårt mål er at flest mogleg skal bli funne. Det var svært viktig at den norske stat har gitt oss økonomiske bidrag til dette arbeidet, seier Ugelvik Larsen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed