– Obama vinn presidentvalet

Publisert:10. oktober 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Gunnar Grendstad og Eirik Vestrheim ved UiB har sett seg leie på folk som synsar seg fram til eit valresultat. Sjølve har dei rekna ut kven den neste amerikanske presidenten blir.

Til trass for svært ulike presidentkandidatar og omskiftelege tider, går visse regularitetar att i dei amerikanske presidentvala. Eit parti som sit med makt over tid vil få styringsslitasje, problem med å levere og dermed minske sine sjansar hjå veljarane. Dermed vil det politiske regimet i USA gå i syklusar, der periodar med republikansk posisjon vert følgt av demokratar i maktsenteret.

49,07 til McCain
Økonomi er ein annan, og ein av dei mest effektive variablane som kan brukast til å predikere valresultatet. Og i år ligg det meste an til å gå skeis for den republikanske kandidaten John McCain ifølge Gunnar Grendstad, førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk, og Eirik Vestrheim, fagkonsulent ved Norsk samfunnsvitskapleg datateneste.

– Når folk kjem med spådomar om at McCain vinn valet i november, spør vi kva kunnskap denne konklusjonen er basert på, seier Grendstad.

Han legg vekt på at prediksjonsmodellar skal vere enkle og baserte på teori. Grendstad og Vestrheim sin modell basert på valsyklusar og økonomi viser at McCain får 49,07 prosent av topartistemmene.

Stabil modell
Grendstad understrekar at alle prediksjonsmodellar har ein viss usikkerheit, og amerikanske presidentval er ofte relativt jamne. Estimatet tyder at det ikkje er meir enn 61 prosent sjanse for at Obama får flest stemmer. Han er likevel relativt sikker på at Obama trekk det lengste strået.

– Estimatet ligg fast. Sjølv om både meiningsmålingar og Wall Street går opp og ned, så er modellen vi bruker stabil over alle presidentval sidan 1948, seier han.

Faktorar som rase, kjønn, og sosial bakgrunn er ikkje del av den aktuelle prediksjonsmodellen, men Grendstad trur heller ikkje at slike faktorar vil kunne rokke på det endelege valresultatet.

– Tidlegare i år presenterte ein amerikansk forskarkollega ein prediksjonsmodell som tek raseelementet med. Jamvel denne modellen predikerer, på linje med dei aller fleste modellane i bransjen, ein knapp siger til Obama, seier han.

Manglar ressursar
Det er heller ikkje berre styringsslitasje og økonomiske nedgangstider i USA som stiller McCain i ein vanskeleg posisjon. Ifølge Grendstad er jamvel den økonomiske veksten i andre kvartal betre enn den finansielle krisa tilseier. Men sjølv ikkje dette kan hjelpe McCain.

Også grunnlovsendringa frå 1951 som hindrar ein president i å bli gjenvalt meir enn to gonger svekkar den republikanske kandidaten. Ifølge Grendstad er det to faktorar som forsterkar effekten av denne grunnlovsendringa. Ein av desse er den maktkonsentrasjonen i presidentembetet som har funne stad etter andre verdskrig. Denne maktkonsentrasjonen gjer at presidenten personifiserer heile landet.

I tillegg har det vorte slik at ressursane i ein valkamp er svært ulikt fordelte. Ein president som stiller til gjenval kan fly landet rundt i Air Force One og har eit enormt støtteapparat i ryggen til å drive valkamp.

– Det å monopolisere denne ressursen gjev eit stort fortrinn, seier Grendstad.

Desse ressursane har imidlertid verken McCain eller Obama tilgang på, men med andre odds mot seg er det likevel McCain som tapar mest på å ikkje ha denne ressursfordelen. 

Stemmer mot Bush
Til trass for at Grendstad og Vestrheim meiner at Obama vinn valet, er det likevel ikkje først og fremst demokraten sin popularitet hjå dei amerikanske veljarane som er utslagsgjevande. Antagelsen bak prediksjonsmodellen er at valet er ei folkeavstemming på partiet som er representert i Det kvite hus i Washingtom DC. Valet er difor vel så mykje eit spørsmål om den sitjande presidenten George Bush sin dårlege oppslutnad.

– Amerikanarane stemmer ikkje primært på Obama, men mest mot Bush. John McCain får ingen drahjelp av sin upopulære partifelle, tvert imot, seier Gunnar Grendstad.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed