Lettstyrte nordmenn

Publisert:31. oktober 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Sidan Håkon Håkonssons tid har Noreg vore eit sentralstyrt land. At sterke regionar har stått mot kvarandre her i landet, meiner historikaren Sverre Bagge er feil.

Då styresmaktene for nokre år tilbake prøvde å gjennomføre regionsreforma med færre og større regionar i staden for fylka, stranda det heile på at få fylkesting ville slå seg saman med naboen. På Vestlandet oppstod hovudstadskrangelen mellom Bergen og Stavanger. I Nord-Noreg krangla ein om Bodø og Tromsø. Møre og Romsdal som fylke var splitta. Sunnmøre ville høyre til Vestlandet, medan Nordmøre og Romsdal hella mot trøndarane.

Ein del av forklaringa til det mislukka forsøket på å danne regionar i Noreg, forklarar historikar Sverre Bagge med å sjå på mellomalderhistoria.

– Eit lett land å samle
I 1917 hevda historikaren Edvard Bull at borgarkrigane i Noreg på 1100-1200-talet var eit resultat av sterke regionar som stod mot kvarandre. Dette stiller Sverre Bagge seg tvilande til. Han meiner tvert om at det ikkje har vore sterke regionar med lange tradisjonar i Noreg.

– Då kongemakta ville realisere prosjektet med å samle heile Noreg til eitt rike, baud det ikkje på særleg motstand. Prosjektet gjekk langt lettare enn til dømes i Danmark eller Sverige, sa Bagge under eit foredrag i det tverrfaglege studiet av region og regionalisering i førre veke.

I staden for sterke regionar, meiner Bagge ein i Noreg har fleire skiftande einingar av administrativ og funksjonell karakter. Utover mellomalderen vart lagdømma med mindre lagsogn, ofte på tvers av dei gamle grensene utan at det var særleg problematisk.

– Geografien og det at Noreg var så tynt befolka kan vere ein av forklaringane på at det ikkje vaks fram regionar. Det var nok sterke lokalsamfunn, men dei var for små til å vere ein trussel mot ei sentralmakt. Det var liten skilnad for folk i middelalderen om ein nasjonaliserte eller regionaliserte makta, seier Bagge.

På 1200-talet fekk Kong Håkon Håkonsson slutt på borgarkrigane, og la grunnlaget for eit sentralstyrt land. Då Magnus Lagabøte introduserte landlova i 1274, vart Noreg eitt av dei første landa i Europa som fekk ei lov for heile landet.

– I dag når det er snakk om vegutbygging, distriktshøgskular og liknande, vender ein seg til sentralmakta for å presse noko gjennom. Ein går ikkje til fylket for å vinne fram, peikar Bagge på.

Ikkje norske separatistar
Når Bagge snakkar om regionar, meiner han område med kulturell og politisk identitet og betydning. Regionen må ha potensiale til å stå i opposisjon til sentralmakta. Eit døme er byane og fyrstedømma i Europa opp gjennom mellomalderen, der byar og fyrstedømme stod som eigne einingar gjerne i opposisjon til kongen og sentralmakta.

– I Noreg var byane derimot først og framst underlagt kongen og hadde lite sjølvstende, seier Bagge.

Samanliknar ein med andre land i Europa, finn ein regionar med langt sterkare band og tradisjonar enn i Noreg. Eit døme er Skottland, Flandern og Baskerland der ein har lange tradisjonar og også har separatistrørsler i dag. Separatistrørsler i Noreg er det ikkje mange av.

Då Frank Årebrot i vår lufta tanken om at Vestlandet burde lausrive seg frå resten av landet, vart det motteke ein oppsiktsvekkande tanke, som ein sensasjon.

– Berre det viser at Vestlandet ikkje er ein region i seg sjølv, meiner Bagge.

Historikaren meiner det frå mellomalderen si tid berre er Trøndelag som har potensiale av å vere ein region.

– Som lagdømme hadde Trøndelag karakter av ein region. Det er eit konsolidert område, eit lagdømme som kan ha vekse fram utan kongemakt. Det er eit område med mange fylke som krinsar kring ein fjord, der det er relativt godt befolka og godt jordbruksland, seier Bagge.

Veik vestlandsregion
Førsteamanuensis i historie Nils Kolle viser kor vanskeleg det er for dei som freister å lage ein region av Vestlandet i dag.

– Det er i det heile tvil om kva som i det heile er det vestlandske. Kva er eigentleg den vestlandske identiteten? Eg har grunna på det ei stund, og konklusjonen min er at den vestlandske identiteten er relativt svak. Om ein løfter blikket og ser til Catalonia, Baskerland eller Skottland, ser ein ein heilt annan grad av styrke i regional identitet, seier Kolle. Han er tilsett ved det tverrfaglege studiet i region og regionalisme.

Kolle viser til at landsdelsidentiteten som eksisterer i Noreg i dag, vart oppfunne på siste del av 1800-talet. Landsdelane, som til dømes for Sørlandet sin de, er skapte utan ein historisk kontekst. Sjølv om det i dag finnest nokre kulturelle tilknytingar i landsdelane i dag, er det også mange motsetnader.

– Ein finn snarare sterke identitetar i mindre lokale einingar. Til dømes på Jæren, Sunnmøre, Sunnhordland eller Hardanger. Ideen om Vestlandet vart i utgangspunktet skapt av austlendingar som hadde behov for å karakterisere vestlendingen som noko sært, seier Kolle.

Den 25. november deltek han på heildagsseminaret ”Vestlandsregion – kva no?”, eit seminar som tek sikte på å finne ut av kva som gjekk gale i forsøket på å danne ein vestlandsk region. 

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed