Makt kostar dyrt

Publisert:4. september 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Høgreradikale parti får ofte svi når dei kjem i regjeringsposisjon. – Den store prøva står att for Frp, seier Elisabeth Ivarsflaten.

På 1980- og 1990-talet gjorde høgreradikale parti stor suksess i fleire land i Vest-Europa. Eitt av desse var Frp. Men i motsetnad til FPØ i Austerrike, Lijst Pim Fortun (LPF) i Nederland og Lega Nord i Italia har Frp aldri kome i regjeringsposisjon. Historia til desse partia er skremande lesnad for eit Frp som ivrar etter å kome i posisjon.

– Tre høgreradikale parti har kome i regjeringsposisjon i Vest-Europa og dei har alle mista mykje av oppslutninga si i ettertid, seier Elisabeth Ivarsflaten, førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk. Ho har forska på høgreradikale parti i Vest-Europa og korleis dei mobiliserer veljarar.

Utan strategisk posisjon
FPØ, som gjorde braksuksess med sin omstridde leiar Jürg Haider, mista nærare to tredjedelar av oppslutninga etter å ha kome i regjeringsposisjon. FPØ var veslebror i regjeringskoalisjonen og veljarane straffa partiet for intern strid og brot på løftet om å vere eit annleis politisk parti. I Nederland kollapsa Lijst Pim Fortun etter å ha vorte del av regjeringa i 2002.

Samstundes understrekar Ivarsflaten at erfaringane til FPØ, List Fortun og Lega Nord ikkje automatisk vil vere av tyding for Frp. Til trass for likskapar mellom partia, er det også store skilnader. Medan Lijst Pim Fortun vart ei stemme å rekne med nærast over natta, har Frp ein velorganisert struktur og er godt etablert. Det finst flest og mest tydelege likskapar med det austerrikske tilfellet ifølge Ivarsflaten, men også nokre potensielt viktige skilnader. Enkelte av desse skilnadene kan verte avgjerande for om Frp vil lukkast i ei regjering eller ikkje.

– Det er fullt mogleg at Frp kan verte større enn den potensielle samarbeidspartnaren Høgre og at partiet dermed vil kunne sette eit meir tydeleg merke på politikken. Likevel vil Høgre vere i ein betre strategisk posisjon, sidan dei kan samarbeide både til høgre og venstre, og det er ingen grunn til å tru at Høgre vil selge seg billeg i eit eventuelt regjeringssamarbeid, seier Ivarsflaten.

Gode tider for populisme
Det ein kan seie sikkert er at det ikkje er enkelt å vere politikar i Noreg i dag. Oljefondet legg grunnlaget for ein misnøye med politikarar og det politiske systemet som går utover det vanlege, sjølv i ei tid då misnøyen er stor også i andre vest-europeiske land ifølge Ivarsflaten.

– Med tanke på oppslutnad kan ein seie at det er vanskeleg å sitje med politisk makt i Noreg. Det blir faktisk ei belasting å ha så mykje pengar på bok som ein ikkje har økonomisk grunnlag for å bruke. Politikarane vert heile tida møtt med utsegner om at ”slik kan vi ikkje ha det i det rikaste landet i verda”, seier ho.

Misnøya med handlingsregelen for oljefondet skaper ein heilt spesiell og gunstig kontekst for populistisk retorikk ifølge Ivarsflaten. Populisme i seg sjølv er ein gamal og velbrukt retorisk strategi både på høgre- og venstresida i politikken, og i den grad populismen rettar seg mot eliten meiner Ivarsflaten at den kan vere eit sunt trekk i det politiske livet.

– Populisme har like fullt ein tendens til å gå over i ein stygg og ekskluderande form for nasjonalisme, nativisme. Og i den grad populismen rettar seg mot nye eller gamle minoritetar får den ein stygg karakter, seier Ivarsflaten.

Saman mot innvandring
Nettopp det at dei mobiliserer veljarar som er misnøgde med innvandringspolitikken, er det som i størst grad sameinar dei suksessrike høgreradikale partia ifølge Ivarsflaten sin studie. Dette funnet er svært interessant fordi statsvitarar lenge har diskutert kva slags misnøyemodell som gjev best uttelling for høgreradikale parti. Ein modell har lagt vekt på misnøye grunna økonomiske endringar, medan ein annan modell har understreka tydinga av misnøye med politikarar og det politiske systemet, ein modell som for øvrig viser seg å ha fått eit sterkare utslag i Noreg enn i dei landa det har vorte samanlikna med i studien.

Men mobilisering kring innvandringsspørsmålet er altså den einaste samanhengen som blir funne i alle dei undersøkte landa, og Ivarsflaten meiner at dette er ein faktor som spelar inn også for Frp sin del. Studien hennar viser at jo meir restriktive haldningar ein veljar har til innvandringsspørsmålet, dess større vert sannsynlegheita for at han eller ho stemmer på høgreradikale parti.

– Sjølv om somme forskarar hevdar at Frp no har trappa ned søkelyset på innvandringsspørsmål i så sterk grad at partiet har gått bort frå det høgreradikale, så må Frp framleis kunne karakteriserast som høgreradikalt når ein ser på veljarmassa, seier ho.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed