Eit eige hus for Ida Blom

Publisert:16. september 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Det er ikkje alle forunt å få eit hus oppkalla etter seg. Det har professor emerita Ida Blom fått.

– Gratulerer med dagen!

Gratulantane står i kø i Allegaten 34. Det er husdåp for huset, som frå no av ber namnet Ida Bloms hus. Her held Senter for kvinne- og kjønnsforskning til og no flyttar naboen, Senter for vitskapsteori, inn.

Dagens hovudperson, Ida Blom, vert overøst av blomar og er tydeleg rørt av det.

– Eg er verkeleg beæra av dette, seier Ida Blom.

– På godt bergensk kan eg seie at eg vart månebedotten då eg fekk vite det. Eg trudde ein måtte vere død for lenge sidan for å få eit hus eller ei gate kalla opp etter seg. Men her står eg, sa ho til forsamlinga i Allegaten 34.

Nytt samboarskap
Det er to tverrfaglege senter som no flyttar saman i Ida Bloms hus. Både Senter for vitskapsteori (SVT) og Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) har tilsette som både er tilknytta senteret og andre fagmiljø. Begge betjener alle fakulteta på universitetet.

– Eg håpar det vert ein synergieffekt ut av sambuarskapet, seier Ellen Mortensen, fagleg leiar for SKOK.

Det er SKOK som har foreslått det nye namnet på huset.

– Ida Blom er eit ideal og ein stor inspirasjon for oss. Ho er ein eksepsjonell kvinneforsker. Ho er 77 år og framleis aktiv hos oss, på torsdag held ho innlegg på eit seminar hos oss, seier Mortensen.

SVT haldt tidlegare til i nabohuset. Det huset vart for lite, sidan 2004 har senteret vakse gradvis. Dei 24 tilsette flyttar no over gata, inn i nyopussa lokale i Allegaten 34 som framleis luktar maling.

–  No vert det endeleg rom til alle tilsette, seier Roger Strand, leiar for SVT.

Grand Old Lady
– Vi snakkar om norsk kvinne- og kjønnshistories ubestridte grand old lady, sa rektor Sigmund Grønmo i sin tale då han erklærte huset for opna.

Han minna om at Ida Blom i mars i fjor vart tatt opp som utanlandsk æresmedlem i den prestisjetunge American Historical Associtation. Det er ho også som den første norske sidan Halvdan Koht vart tatt opp i 1946.

Som dei to sentra Ida Bloms hus skal romme, er også hennar forsking tverrfagleg. Forskinga hennar har forgreiningar innan humaniora, medisin, samfunnsvitskap. Rektor peiker på at ho er ein pioner innan kvinne- og kjønnsforsking, eit pionerarbeid som også kan knytast til den andre verksemda i huset, Senter for vitskapsteori.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed