Ei hylling til kreativiteten

Publisert:1. september 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Professor emeritus Fredrik Barth takka UiB for å skape skaparevne då han tok ordet på vegner av æresdoktorane under fredagens doktorpromosjon.

 

Doktorpromosjonen sist fredag var ei ekstra høgtideleg stund sjølv i akademisk samanheng. Ikkje berre vart 134 nye doktorar kreerte, også ti nye æresdoktorar fekk sine diplom. Det gjer denne doktorpromosjonen til den største ved UiB nokon gong, og den overfylte Håkonshallen reflekterte dette. Også kvinneandelen var rekordhøg, med 57 prosent kvinner mellom dei nye doktorane.

- Må vere ei kritisk, intellektuell kraft
Rektor Sigmund Grønmo peika på at desse rekordane avspeglar kor viktig høgare utdanning og forsking er for det norske samfunnet, og nytta høvet til å rekapitulere dei kvalitetane vi skal forvente at universitetet representerer.

– Eg tenkjer særleg på den rolla forskaren har som kritisk, intellektuell kraft på universitetet, i fagmiljøa og ikkje minst i høve til omverda. Uavhengig kunnskap, bygd på langsiktig sanningssøking, er vårt viktigaste bidrag til omverda. Det er denne kunnskapen som gjer universiteta til gode garantistar for eit levande demokrati, sa han.

Gjennom frustrasjon til glede
Jonathan Soulé heldt talen på vegner av dei nye doktorane. Han kjem frå Sør-Frankrike og vedgjekk at han måtte rekne bergensklimaet mellom utfordringane som ein doktorgradskandidat må gjennom på vegen mot oppnådd grad.

– Eg lærte etter kvart at når ein som utlending får det berømte spørsmålet ”kvifor kom du til Noreg?”, så er det rette svaret ”fordi eg vart forelska i ei norsk jente”. Dersom ein, som eg, i staden finn på å svare at ein er her for å ta ein doktorgrad, trur folk anten at ein er galen eller lyg, opplyste han, til humring frå salen.

Han skildra dei ulike fasane ein går igjennom i arbeidet med ein doktorgrad, frå glede over få moglegheit til å starte på eit doktorgradsprosjekt, gjennom sinne, frustrasjon og desperasjon når forskinga ikkje går som ein hadde planlagt og tida blir knapp, til lette når det er gjennomført og ein står ved eit nytt vendepunkt i livet.

Heidra den utradisjonelle tanken
Ti nye æresdoktorar vart også utnemnde under seremonien. Dei ti har alle vore viktige for akademisk og institusjonell utvikling ved UiB, og dei vart presenterte av dekanane ved fakulteta som har foreslått kandidatane for universitetsstyret. Professor emeritus Fredrik Barth, som vart UiB sin første professor i sosialantropologi og som spelte ei sentral rolle i opprettinga av Det samfunnsvitskaplege fakultetet, var einaste norske av dei ti. Dekanus Alf Erling Risa la vekt på Barth si evne til utradisjonell tenking, til å bygge teoriar ut frå praktiske røynsler, og til å tru på sine eigne akademiske idear i sin introduksjon.

Barth gav også uttrykk for kor viktig kreativitet er i akademisk arbeid, i si helsing på vegner av æresdoktorane.

– UiB er eit relativt lite og ungt universitet, og det har vore godt å sjå kreativiteten og entusiasmen som har blomstra her, og å sjå korleis det vi har kunna bringe med oss er blitt sett pris på, sa han.

– Vi har alle saman fått høve til å støtte og stimulere den internasjonale forskarfellesskapen som har vakse fram her. Takk for at UiB held dei akademiske tradisjonane så høgt. Takk for at de skapar skaparevne!

Doktorpromosjonen fekk tonefølgje av tidlegmusikk-ensemblet Currentes, under leiing av stipendiat Jostein Gundersen ved Griegakademiet.

 

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed