Då oljespråket vart norsk

Publisert:26. september 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Trass eit internasjonalt miljø er det norske språket framleis gangbart i Nordsjøen. Det kan me takke ein iherdig terminologisk innsats for, meiner Johan Myking.

– Dei som påstår at norsk var ein fiasko i Nordsjøen tek feil. Òg dei som seier at folk berre snakkar engelsk, tek feil, seier Johan Myking, førsteamanuensis ved Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske fag.

Ifølge Myking er oljeverksemda i Nordsjøen er snarare prega av språkblanding, der både norsk og engelsk er i bruk. Det finst ordlister, skilt og handbøker både på norsk og på engelsk.

– Det er eit faktum at mange i oljebransjen seier at norsken som vart utvikla gjennom terminologiarbeidet var noko handfast som kunne brukast. Det har me empirisk støtte for, seier Myking.

Frykt for domenetap
Det var ikkje opplagt at det skulle bli ei slik språkblanding. Då oljeeventyret tok til for alvor på 1980-talet, vart engelsken opplevd som eit trugsmål mot det norske språket. Teknisk dokumentasjon, skilt og handbøker nytta termar som blow-out (ukontrollert utblåsing), kelly (drivrør) og rathole (drivrørhylse). 

Frå politisk hald og i leiinga i Statoil vart det vedteke å nytte norsk som arbeidsspråk. Universitetet i Bergen fekk i oppgåve å lage ein norsk oljeterminologi. Fornorskingsprosjektet fekk namnet ”Terminol”, og Norsk termbank vart etablert, databasen over oljeterminologien.

– Det var eit miljø av kring tjue forskarar som systematiserte og strukturerte terminologien i oljespråket. Me såg på den reelle bruken av ord og uttrykk og analyserte den, seier Johan Myking.

Forskarane omsette handbøker og skilt. Mykje av terminologien i oljebransjen hadde norsk industri og handverk frå før, for forskarane handla det om å få den inn i eit system og gjere den kjend. Fagfolk opplevde at faguttrykk dei kjende frå før, som tryggleiksventil, stigerør og fakkel, var like gode og aktuelle som dei engelske termane preventar, riser og flare.

– Det var ein fruktbar kombinasjon av språkarbeid og ressursar. Ein kan fint sjå terminologiarbeidet som ein måte å sikre seg eit domene på. Det er domenetap me er redde for når det er tale om at språk forsvinn, seier Myking.

– Effekten av fornorskinga er at ein kan bruke norsk på jobb. Sjå berre i romanen av Leif Henriksen, 14 dagar i Nordsjøen frå i år. Han gjev ein realistisk skildring av situasjonen, her er det norsk som rår.

Parallellspråk på universitetet
I dag er det forskingsspråket og næringslivet som er mest aktuelt når ein talar om domenetap. Både regjeringa si nye språkmelding ”Mål og meining” og UiB si eiga språkmelding ”Både og” går inn for at både norsk og engelsk skal nyttast på universitetet.

– Sjølv om både UiB og regjeringa har laga ei språkmelding for å ta vare på det norske språket i akademia, er det likevel ikkje noko apparat som passar på at det faktisk vert gjort. Ein byrjar med intensjonar, men kven følgjer opp?, spør Myking.

Auka internasjonalisering gjer at meir vert skrive på engelsk, samstundes med at teljekantsystemet gjer at engelsk vert vektlagt meir enn norsk som publiseringsspråk. Ifølge språkmeldinga er talet på  master- og doktorgradsavhandlingar skrivne på engelsk stadig aukande.

– Det er viktig for studentane å kunne skrive sitt eige språk. På medisin og psykologi som brukar svært mykje engelsk, må ein likevel kunne kommunisere på norsk i visse samanhengar, med pasientar, til dømes, seier Myking.

Det som må til etter Myking si meining, er ein ny innsats på terminologiarbeidet på linje med innsatsen for oljespråket.

– Kall det gjerne trøttsamt, dyrt og kostbart, men det er noko som må til. Dei siste åra har terminologi vore forsømt. Ein må arbeide systematisk og lage termlister for dei ulike faga. Det er keisamt, men her ligg kimen, seier Myking.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed