Lovar bot og betring

Publisert:25. august 2008Oppdatert:25. august 2008, 13:19

- Me har tydelegvis eit kommunikasjonsproblem, sa leiar i Forskerforbundet, Bjarne Hodne, under fredagens frukostseminar.

– Det som her kjem fram som våre svake sider, er det me internt ser på som suksessar, sa Forskerforbundet sin leiar då debatten var i gang.

Forskerforbundet tromma fredag saman til debatt om lønsoppgjer og lønnsutviklinga til forskarane i Noreg, men debatten dreidde seg likevel meir om innføring i lønsforhandlingar og fagforbundet si rolle på universitetet. Bakgrunnen for møtet, var opprøret under vårens lønsforhandlingar som førsteamanuensar ved UiB stod bak.

Intern mobilitet
Sjølv om Forskerforbundet lovar betring i kommunikasjonsledda sine, at ny lønsstrategi skal meislast ut og at det lokalt skal bli fleire medlemsmøter, er likevel ein av opprørarane, Tor Halvorsen, framleis frustrert.

– Problemet er at lønssystemet ikkje fangar opp dei som ikkje klatrar internt, seier Halvorsen, førsteamanuensis ved Institutt for administrasjon- og organisasjonsvitskap. 

Leiar ved instituttet, Ivar Bleiklie, viste nettopp til si forsking som viser at stillingshierarkiet på universitetet har gått over til å vere basert på individuell mobilitet. Ettersom talet på professorar har auka, skaper Forskerforbundet sitt fokus på professorlønningar lønsvekst.

Det nye lønssystemet tar utgangspunkt i at førstestillingane er begynnerstillingar. Problemet oppstår for dei som ikkje kjem seg vidare.

– Kvinner forblir førsteamanuensar
Linda Sangolt, førsteamanuensis også ved Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap, peika på at ein stor del av dei som ikkje rykkjer opp frå førstestillingane er kvinner.

– Eg er ein av dei mange som er kvinne, grå i håret og førsteamanuensis, sa Lise Oppdal, førsteamanuensis i engelsk.

– I over halvparten av tida mi på univsersitetet har eg tent mindre enn som lektor i skulen. Me bruker tid til opplæring av folk som tener betre enn oss sjølve, sa Oppdal.

Reint statistisk viser samstundes lønsstatistikken frå UiB at det er lite som skiljer menn og kvinner i løn blent professorar og førsteamanuensar.

– Blant førsteamanuensane er det 0,37 prosent i menns favør, blant professorane 0,01 prosent i kvinners favør, peikte Bjarne Hodne på.

Den daglege lønskampen
At årets e-postaksjon ikkje fekk gjennomslag, prisar forhandlingssjef i Forskerforbundet, Frank Anthun, seg lukkeleg for.

– Det er nettopp i justeringsforhandlingane me får uttelling. Får me ikkje vere med her, er det dei andre som tek potten vår, sa Anthun.

Heller ikkje professor Dag Helland hadde sans for aksjonen. Han er tidlegare medlem av styret i Forskerforbundet sitt lokallag i Bergen.

– Det er bra med engasjement, men generelt viser medlemmene lite interesse for fagforeningsarbeid. Det er i det daglege aktive arbeidet ein kan få ting gjort, oppfordra Dag Helland.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed