Framleis kamplysten

Publisert:22. august 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Berit Ås meiner at vi gløymer dei lågtlønna kvinnene. – Ein heil generasjon kvinner trur på myten om Noreg som eit samfunn med likestilling mellom kjønna, seier ho. I morgon kjem ho til Universitetet i Bergen.

Berit Ås var den første kvinnelege partileiaren i Noreg. Ho utmerka seg tidleg som ein kreativ og dyktig retorikar. I morgon opnar ho semesteret for retorikkstudentane ved UiB med foredraget ”Handlingens retorikk”.

Eldsjel i kvinnekampen
Ås har ei lang karriere som forskar, politikar og sosialt engasjert aktivist. Ho har vore ein sentral skikkelse i den norske kvinnekampen og meiner framleis at slaget på ingen måte er vunne. Under foredraget kjem ho mellom anna til å gå nærare inn på tilhøvet mellom ytringsfridom og ytringsmoglegheit.

– På 80-talet kom individualismen til Noreg. Frå då av vart små jenter fortalde at dersom dei berre var like flinke som gutane, så kunne dei alle bli generalar i Luftforsvaret eller sentralbanksjef. Kvinner byrja å skamme seg over å vere kvinnesakskvinner. Det var dei tidlegare generasjonane som hadde halde på med slikt, seier ho.

Ho meiner at noko gjekk tapt på denne tida. Frå no av var det ei bestemt gruppe kvinner som hadde moglegheiten til å ytre seg ifølge Ås. Dette var kvinner med høgare utdanning og kvinner som engasjerte seg politisk.

– Desse kvinnene vart så sjølvopptekne at dei ikkje såg dei 80 prosenta som framleis ikkje hadde noko fora å ytre seg i, lågtlønna og innvandrarkvinner for å nemne nokon, seier ho.

Så kom 90-åra med privatiseringsbølgja. Søkelyset på kvotering av kvinner til toppstillingar i næringslivet er ein del av det same sporet meiner Ås.

– Vi gløymer igjen dei lågtlønna kvinnene, seier ho.

Subtile hersketeknikkar
At Noreg er eit likestilt samfunn er ein illusjon ifølge Ås. Tradisjonar og haldningar nedarva gjennom generasjonar har sett sine spor. Blant desse nedarva tradisjonane og haldningane er hersketeknikkar, som Ås studerte og presenterte for om lag 30 år sidan. Ho meiner at desse hersketeknikkane vert mest synlege når ulike kulturar står mot kvarandre. Dei vert mellom anna svært synlege i tilhøvet mellom menn sin kultur og kvinnekulturen.

– Kvinner har eit eige perspektiv når det gjeld mellom anna valdtekt, velferdssamfunnet og kva slags område som bør prioriterast økonomisk sett. Likevel tek vi ofte mannen sin perspektiv når vi uttaler oss om desse områda. Det kan sjå ut som om vi tilhøyrer ein underkjent kvinnekultur. Mange menn er ikkje medvitne om at dei opptrer undertrykkande. Dette er noko som har nedfelt seg i løpet av alle dei åra der menn har hatt økonomisk og politisk makt, og dei hersketeknikkane eg har vore oppteken av er subtile, seier ho.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed