Fastslår juks, men legg bort sakene

Publisert:29. august 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Den sentrale klagemenda meiner at jusstudentane som var skulda for å ha kopiert andre sine oppgåver har juksa. Likevel har nemnda vedteke å legge bort dei sju pilotsakene.

I møte torsdag vedtok Den sentrale klagenemnda å legge bort dei sju pilotsakene frå Det juridiske fakultet. Det vert dermed ingen disiplinærreaksjonar mot studentane, til trass for at nemnda slår fast at studentane har juksa. I vedtaket frå nemnda heiter det at graden av tekstsamanfall i alle dei sju sakene er altfor høgt til at studentane kan seiast å ha levert sjølvstendige arbeid. Nemnda meiner imidlertid at fakultetet si praktisering av eige regelverk gjev grunn til å tvile på om studentane har fått tilstrekkeleg informasjon og rettleiing om kva som er akseptabelt. Det vert lagt vekt på at det før hausten 2007 ikkje var nokon aktiv og systematisk kontroll med om studentane oppfylte kravet til sjølvstendig arbeid, og at kravet til sjølvstendig arbeid dermed ikkje vart følgt opp gjennom praksis.

Forventar diskusjon
Sigmund Grønmo, rektor ved Universitetet i Bergen, meiner det er viktig at klagenemnda fastslår at det studentane har gjort er fusk.

Det er også viktig at nemnda slår fast at obligatoriske oppgåver skal vurderast på same måte som eksamenar når det gjeld fusk, seier han.

Eg tek til etterretning at Den sentrale klagenemnda vel å legge bort sakene, og vi forheld oss til det. Men eg er overraska over at nemnda meiner at fakultetet sin manglande kontroll for å avdekke fusk har skapt uklarheit i høve til kravet til sjølvstendig arbeid, seier han.

Grønmo forventar no diskusjon om tilhøvet mellom kontroll og tillit til studentane, og om studentane treng meir omfattande kontrolltiltak for å opptre etisk forsvarleg.

No må vi vurdere kva slags konsekvensar dette får for våre studieopplegg og kontrollrutiner, og framfor alt for universiteta sine moglegheiter til å sikre at dei etiske krava til studentane blir etterlevd, seier han.

Stolar på Ephorus
Også Ernst Nordtveit, dekanus ved Det juridiske fakultet, er overraska over nemnda si grunngjeving for å legge bort sakene. Han meiner at fakultetet har sitt på det reine når det gjeld informasjonen til studentane og at det er problematisk å vise til at kontrollen ikkje var systematisk nok.

Ein har plikt til å følge reglane sjølv om ein ikkje vert kontrollert heile tida. Vi har eit ønske om å basere oss på tillit til studentane heller enn nitid kontroll, seier han.

Fakultetet vil ifølge Nordtveit likevel gå gjennom rutinane sine og legge endå meir vekt på å tydeleggjere kva som ligg i krava til sjølvstendig arbeid og etikk. Nordtveit viser til at ein med tekstgjenkjenningsprogrammet Ephorus som opprinneleg avslørte tekstsamanfallet i jusstudentane sine oppgåver, har eit tilstrekkeleg verkty til å kunne foreta den kontrollen Klagenemnda etterlyser framover.

Droppar dei andre sakene
Nordtveit fortel vidare at Det juridiske fakultet no vil legge bort dei resterande sakene utan nærare vurdering av kvar einskild sak. Han meiner at pilotsakene representerte eit vidt spekter, også saker der det er snakk om tekstsamanfall på nær 100 prosent og tilfelle med fleire forekomstar. I vedtaket frå nemda heiter det også at det i fleire av tilfella synast å vere klart at studentane har visst at dei bevega seg på grensa av regelverket.

Når nemnda vel å legge bort også slike saker, meiner vi at det ikkje vil vere grunn for fakultetet å vurdere om det skulle vere grunnlag for sanksjonar i nokon av dei andre sakene, seier han.

Så snart det er praktisk mogleg vil Det juridiske fakultet sende brev til studentane som framleis ventar på at sakene deira skal bli handsama, der det blir gjort klart at sakene no fell bort. Dette gjeld også sakene til ei gruppe studentar som allereie har vedgått at dei har kopiert andre sine skriftlege arbeid.

Det er viktig at studentane slepp meir uvisse i saka.  Den har vore ei påkjenning for alle partar, seier han.

Av omsyn til taushetsplikta vil ikkje Den sentrale klagenemnda offentleggjere dei einskilde vedtaka enno.

Det er ikkje aktuelt å offentleggjere vedtaka slik dei ligg føre i dag, men det kan bli snakk om å gå ut med dei på eit seinare tidspunkt, seier Per Gunnar Hillesøy, sekretær i Den sentrale klagenemnda.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed