Avgjer dei første juksesakene

Publisert:28. august 2008Oppdatert:28. august 2008, 11:12

I dag startar Den sentrale klagenemnda handsaminga av dei første skuldingane om studentjuks ved Det juridiske fakultet.

Den sentrale klagenemnda skal i første omgang handsame sju saker der Det juridiske fakultet meiner at det er klare indikasjonar på at studentane har juksa. Nemnda skal kome til ei avgjersle i sakene i dag, men går ikkje ut med offentleg informasjon før måndag 1. september ifølge Per Gunnar Hillesøy, seniorrådgjevar i Kollegiesekretariatet.

Utfallet av dei sju sakene vert avgjerande for den vidare handsaminga av dei resterande skuldingane om juks.

– Resultatet i dag vert retningsgjevande, seier Hillesøy.

Det er enno ikkje avklart når Den sentrale klagenemnda set i gong med handsaminga av fleire saker, men Hillesøy reknar med at arbeidet vil gå fortløpande.

– Fakultetet har førebudd sakene og vil sende dei av garde raskt etter at klagenemnda har kome til ei avgjersle, seier han.

Hillesøy vil førebels ikkje kome inn på kva slags sanksjonsmetodar det eventuelt kan verte aktuelt å nytte mot studentar som vert funne skuldige i juks.

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed