Arven etter dei ti boda

Publisert:22. august 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Bibelens ti bod har vore med på å forme det norske samfunnet. – I møtet med andre kulturar må vi hugse at heller ikkje vårt samfunn er verdinøytralt, seier rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde.

Til trass for at vi lever i eit samfunn der vi sekulariserer bort religionen si rolle, har dei ti boda blitt ein del av vårt kulturelle og normative medvit ifølge jurist og rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde.

– Paradoksalt nok er dei ti boda med på å forme det norske lovverket også i dag. Forbodet mot bigami er til dømes i dag ei kulturell norm som er tufta på dei ti boda. Men det finnast ikkje noko rasjonell, juridisk forklaring på forbodet mot bigami. Ein kan spørje seg om det er naturleg at vi i eit sekulært samfunn skal halde på denne lova, når den mest av alt strir mot ei kjensle av kva som er normalt, seier han.

I antologien ”Dekalogen – 13 essay om menneske og samfunn i skjeringspunktet mellom rett og religion” utforskar ti nordiske rettshistorikarar med vidt ulik bakgrunn den rolla dei ti boda har spela og framleis spelar for utforminga av lovverket

Teikn til uro
Meininga med ”Dekalogen” er ikkje å ta stilling til dei ti bod som verken positive eller negative ifølge Øyrehagen Sunde. Strengt tatt handlar det om korleis dei ti boda har forma samfunnet etter at Noreg vart kristna på 1000-talet.

– I Gulatingslova var det den sterkaste sin rett som var gjeldande. Då dei ti boda først vart introduserte med kristninga av Noreg fekk dei stor innverknad, seier Øyrehagen Sunde.

Deretter vart dei mista av syne før dei geistlege på 1500-talet fekk kjensla av å vere tilbake i eit heidningeland. Etter reformasjonen gjekk Noreg gjennom ein ny misjonsperiode og i 1687 vart heile strafferetten strukturert etter dei ti boda. Begge desse misjonsperiodane er ifølge Øyrehagen Sunde prega av ein samfunnsmessig uro som endar med at både statssett, religion og teknologi vert endra og han ser teikn til ein ny uroleg periode i dag.

– Det som var trygt og sikkert er ikkje lenger like sikkert. Den sekulære nasjonalstaten er under press og den demokratiske rettsstaten vert skuva stadig lenger ut på sidelinja. Uromomenta er her, og religion vil kome til å spele ei rolle. Kor omfattande denne rolla blir og korleis den vil utspele seg, det kan berre tida vise, seier han.

Ifølge Øyrehagen Sunde har det vore eit sterkt behov for den rettesnora dei ti boda utgjer i dei to tidlege misjonsperiodane og han meiner at dei ti boda også i framtida vil vere viktige spelereglar i eit sivilisert samfunn.

– Dei ti boda fortel oss ikkje kva som er naturgjeve, men kva vi bør etterstrebe. Krig i seg sjølv er relativt sivilisert, med eit fast sett reglar. Problemet er at dei som i utgangspunktet er siviliserte, vert usiviliserte. Ein treng ikkje sjå lenger enn til krigen på Balkan på 90-talet. Kaos lurer like rundt hjørnet, og mennesket har behov for visse rettesnorer for å oppretthalde orden, seier han.

Vil ha debatt
For Øyrehagen Sunde er ei av målsetjingane med boka å vise det mangfaldet dei ti boda representerer og å gjere lesarane medvitne om religionen si rolle i samfunnsutviklinga.

– I dag har mellom anna muslimar og katolikkar ført religionen tilbake i det offentlege rom, medan vi sjølve har stått fritt til å velje den bort. Mangfaldet er no meir synleg i Noreg enn tidlegare, og når vi føler at kulturen vår vert utfordra, så er det viktig å ha ei forståing av kva denne kulturen eigentleg er. Med ”Dekalogen” vil vi vise at heller ikkje vår kultur er nøytral, også den er skapt og verdilada, seier han.

Mangfaldet syner seg også i utvalet av forfattarar som bidreg i boka. Alt frå anarkistar til verdikonservative har fått velje eitt av dei ti boda og resultatet spenner frå stigmatisering av kvinner som får barn utanfor ekteskap til vilkåra for internasjonale konvensjonar.

– Skulle eg ha samla forfattarane til diskusjon, så hadde heile prosjektet gått i stå. Kvar av dei har svært ulike standpunkt, seier Øyrehagen Sunde.

Denne usemja tykkjer han er spennande. Han meiner at sekulariseringa av samfunnet har etterlete eit haldningsvakuum og vil gjerne få opp temperaturen i den offentlege debatten. Nettopp her trur han at diskusjonen kring dei ti boda kan vere eit bidrag.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed