Når moral blir korrupsjon

Publisert:13. juni 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Ei uløyseleg moralsk gjeld kan vere ei av årsakene til at korrupsjon er så utbreidt i Kina. Det meiner den kinesiske forskaren Huang Jiansheng, som har tatt doktorgrad ved UiB.

Det er dødsstraff for korrupsjon i Kina. Likevel vart 166.705 korrupsjonssaker trukke for den kinesiske retten i 2004. Totalt var 170.850 personar involverte. Av dei som vart sette i fengsel var seksten byråkratar på ministernivå. Trass den strenge straffa, viser tala at korrupsjon er utbreidt i Kina.

– Nokre av dei som vert dømde for korrupsjon, har vore korrupte fordi dei er grådige. Men nokre gjer det ikkje ut frå eiga vinning, men på grunn av guanxi, seier Huang Jiansheng.

Guanxi er eit kinesisk omgrep som kan omsetjast med nettverk. Omgrepet famnar om meir enn den vestlege forståinga av omgrepet. Det inneber også djupe moralske forpliktingar.

Tynga av moralsk gjeld
For å forklare korleis guanxi verker, bruker Huang eit døme frå sitt eige liv. Då han var ung, var familien hans ikkje særleg rik. Tanta hans derimot, var doktor på sjukehuset. Då han byrja å studere, gav tanta han pengar gjennom heile studietida for at han skulle klare seg. Ein slik stønad er ein del av forventingar mellom slektingar og vener, som er med på å skape dei moralske forpliktingane guanxi inneber. Då Huang var ferdig og vart tilsett som universitetslærar, vart tanta stolt. Ti år seinare gjekk dotter hennar opp til den nasjonale prøven for å komme inn på universitetet.

Men då dottera ikkje fekk nok poeng til å nå opptakskrava, kom tanta til Huang og ba om hjelp. Då oppstod det moralske dilemmaet.

– Eg var så takksam for hjelpa hennar, men eg kunne ikkje gjere noko. Det var umogeleg utan at eg gjorde noko eg visste var brot på lovverket. Det ville ha vore korrupsjon om eg gjorde det, seier Huang.

Sidan han ikkje kunne hjelpe henne, kunne han heller ikkje gjengjelde den moralske gjelda han følte til henne og som ho venta av han. Dermed vart det gode forholdet, guanxi, mellom dei to brote. Brotet var stakk så djupt at tanta ikkje besøkte Huang sin far då faren låg på same sjukehuset som tanta arbeidde.

– Dømet viser skilnaden mellom gåver ein gjev utan eit bestemt føremål, men fordi ein kjenner seg moralsk forplikta til det og fordi ein veit det kan komme godt med i framtida, og ei direkte gåve med eit visst føremål, til dømes ein entreprenør som ønskjer å få kontakt med staten, seier Gunnar Håland, professor emeritus ved institutt for sosialantropologi.

Gode nettverk
Å byggje nettverk på kinesisk, guanxi, kan likne nettverk i vestleg forstand. Men guanxi bring med seg ei moralsk forplikting som gjer nettverket langt vanskelegare å bryte, slik dømet mellom Huang og tanta hans viser.

Når ein byggjer guanxi, er det gjerne ved hjelp av små gåver, det kan vere objekt og tenester. Tidligare bygde ein ikkje guanxi med eit konkret føremål. Men med dei koplingane som no har vorte etablerte mellom staten som oppdragsgjevar og det private næringsliv som entreprenør, har innhaldet i guanxi vorte meir og meir eit spørsmål om private interesser enn moralske forpliktingar. Det er her skilnaden mellom gåve og korrupsjon vert kritisk.

– I Kina seier ein at ein aldri veit når hjelpa kan komme til nytte. Om ein aksepterer ei gåve anerkjenner ein samstundes den andre som ein ven. Då er det forventa at ein gjev ei gåve tilbake. Dette vert ei gåveutveksling som aldri tek slutt, seier Huang.

Problemet er om ein sit som ein offentleg byråkrat og venen seinare treng hjelp til å oppnå noko ein ikkje oppnår på vanleg måte. Då kan korrupsjon oppstå som ei følgje av moralsk gjeld.

Ifølge Huang Jiansheng kan ein sjå kjensla av den moralske gjelda som ei arv etter konfusianismen, ideologien i Kina. Ein kineser vil heile tida rangere folk etter moralsk oppførsel. Det er knytt opp til å halde ei maske.

– Då eg ikkje kunne gjengjelde tanta mi, mista eg maske overfor henne. Det er ikkje sikkert at ho har sagt noko til andre om det, men eg kjenner meg likevel skamfull, seier Huang.

Nye kontrollinstansar
Dødsstraffa for korrupsjon er eit uttrykk for kor streng den kinesiske regjeringa ser på korrupsjon. Som eit ledd i å få bukt med systemet, er fleire kontrollinstansar innførte.

Ifølgje Huang Jiansheng gjer det at talet på korrupsjonssaker går ned. Han meiner korrupsjon knytta til guanxi etterkvart vil forsvinne. Kanskje allereie om ti til femten år. Berre etter nye kontrollinstansar vart innførte for tre år sidan har talet gått ned. Strengare kontrollar gjer det vanskelegare å utføre triksing i byråkratiet. Fleire departement er sett i sving for å kontrollere institusjonane.

– På universitetet der eg er tilsett, kjem det kvart år nokon og ser gjennom finansar og sjekker at pengar er brukt der dei skal. Dei statlege kontrollørane har ikkje lov til å ha kontakt med dei lokale byråkratane. Dei kan ikkje gå på middag saman til dømes, seier Huang Jiansheng.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed