– Døyr i det stille

Publisert:16. juni 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Kvart år vert over tusen alvorleg underernærte barn lagt inn på Mulago sjukehus i den ugandiske hovudstaden Kampala. Til trass for at dei mottek behandling på sjukehuset, døyr ein fjerdedel av desse barna.

Svært mange barn døyr kvart år av underernæring i Uganda. I motsetnad til det massive søkelyset offer for sveltkatastrofer opplever, døyr desse barna i det stille. Hanifa Bachou arbeider til vanleg ved Mulago sjukehus i Kampala i Uganda og følgjer opp mange av barna.

– Det er sårt å sjå så mange av barna svinne hen og døy. Samstundes er det ei god oppleving når ein ser at mange av barna vert friske og byrjar å smile igjen, seier ho.  

Nyleg disputerte ho for doktorgraden ved Senter for internasjonal helse med ei avhandling om pleie av underernærte barn. Ho har undersøkt kva slags tiltak som er effektive i kampen mot døyingstalet blant desse barna.

– Med tilstrekkeleg og rask behandling ville færre enn fem prosent av desse barna ha døydd, seier Hanifa Bachou.

HIV forverrar situasjonen
Då forskarane på 50- og 60-talet gjorde studier av underernæring trudde mange at kunnskapsløyse låg bak. Tanken var at barna fekk mat med for lite næring. Men i dag er det ingen tvil om at underernæringa skuldast reell mangel på mat. Underernæringa gjer at barna lettare pådreg seg infeksjonar, noko forskarar og helsepersonell kallar NAIDS (nutritionally aquired immunodeficiency syndrome). Dei underernærte barna får ei seinking av immunforsvaret som minnar om den HIV-barna får. Når dei så lir av både underernæring og HIV vert det dobbelt opp.

– Om lag 30 prosent av barna som vert innlagde med alvorleg underernæring har HIV. HIV-smitten gjer at dei lettare pådreg seg infeksjonar, noko som igjen forverrar underernæringa, seier Hanifa Bachou.

I tillegg gjer sjukdomar som malaria, tuberkulose og diaré tilstanden verre for svært mange.

Ny viten redda nokre
Den dårlege forfatninga mange av barna er i, gjer behandlinga meir komplisert. Barn som i tillegg til å vere underernærte lir av diaré eller andre sjukdomar tåler lite og hjartet kan lett bli overbelasta. I kombinasjon med eit helsepersonale med få ressursar har dette fram til nyleg hatt dramatiske konsekvensar. Bachou sin studie viste at dei fleste dødsfalla hende i løpet av den første veka etter innlegging og ofte var assosierte med blodoverføring eller tilføring av intravenøs væske.

– Det viste seg at fleire av barna ikkje hadde behov for blodoverføring og at fleire av dei var for svake til å tåle intravenøs væske. Systemet deira vart overbelasta og dei døydde raskt, seier Bachou.

Etter dette funnet vart det raskt sett i verk tiltak for å betre vurderinga av barna og døyingstalet knytta til blodoverføring og intravenøs væske gjekk ned. Det samla døyingstalet for barna gjekk likevel ikkje ned.

Manglar ressursar
For ugandiske barn under fem år er døyingstalet på 13,8 prosent. FN har sett seg som mål å seinke dette talet med 75 prosent innan 2015.

– Det betyr at vi skal ned til 5,5 prosent i løpet av få år. Dette er ei stor utfordring, seier Bachou.

Ho meiner at det er behov for ei lang rekke tiltak dersom ein skal få ned barnedøyingstalet knytta til underernæring. Eitt mogleg tiltak er å utføre behandling og oppfølging nærare heimen.

– Somme av barna ligg for lenge på sjukehuset utan å ha eit reelt behov for det. Dersom desse barna kunne få oppfølging i primærhelsetenesta og heller kome til sjukehuset for regelmessige undersøkjingar, ville det ha spart sjukehuset for mykje ressursar. Helsepersonellet kunne ha konsentrert seg om dei som ikkje kan klare seg utan omfattande behandling, seier Bachou.

Lite internasjonale midlar
Kampen mot underernæring er først og fremst eit spørsmål om ressursar, ifølge Bachou. Helsesektoren er lågt prioritert og legar og sjukepleiarar flyttar ofte til fordel for betre betalte jobbar andre stader. Helsepersonellet som vert verande opplever mykje frustrasjon i forhold til løn og mangelen på medisinsk utstyr.

Bachou understrekar at Uganda er avhengig av hjelp utanfrå dersom ein skal betre situasjonen for dei mange underernærte barna i landet. Men det har ikkje vore enkelt å vekke merksemd.

– Donasjonar frå det internasjonale samfunnet er øyremerka enkelte formål. Alvorleg underernæring er dessverre ikkje eitt av desse, seier Hanifa Bachou.

Når Hanifa no reiser heim til Uganda, ber det rett tilbake på jobb ved Mulago sjukehus. Til trass for manglande ressursar og krevande forhold vil ho ikkje gje opp.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed