50 studentar har klaga

Publisert:6. mai 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Då fristen gjekk ut i går hadde vel 50 studentar klaga på skuldingane om juks. Ytterlegare 133 har fått utsetjing etter oppmoding frå sine advokatar.

16. april gjekk Universitetet i Bergen ut med opplysingar om at 205 justudentar var mistenkte for ulovleg samarbeid på obligatoriske oppgåver. Dei hadde alle levert oppgåver der teksten var tilnærma lik andre sitt arbeid, og studentane fekk 14 dagar på seg før dei måtte kome med ei uttale til klagenemnda ved UiB.

Fristen for å klage gjekk ut i går, og så langt har Den sentrale klagemenda motteke vel 50 klager. 133 studentar har fått forlenga fristen, medan kring 20 studentar hittil ikkje har gjeve lyd frå seg.

Svaret klart til sankthans
Allereie neste veke vil nemnda møtast for å starte handsaminga av klagene. I første omgang vil det vere snakk om å avklare generelle forhold i saka, men nemnda vil jobbe kontinuerleg for å handsame klagene.

– Vi håper å ha eit svar klart til studentane før sankthans, seier Hillesøy, seniorrådgjevar i Kollegiesekretariatet ved UiB.

Dersom studentane er misnøgde med utfallet av handsaminga, kan dei klage avgjersla inn for Den nasjonale klagemenda. Det er klagenemnda ved UiB som tek seg av vidareformidlinga av slike eventuelle klager, og Hillesøy lovar at dette arbeidet skal gå raskt.

Vil vurdere omfang
Førebels er det for tidleg å seie noko om kva slags sanksjonsmetoder som kan bli retta mot studentane, men Hillesøy understrekar at nemdna vil forholde seg til tidlegare praksis i dei tilfella der dei er overtydde om juks. Nemnda vil sjå på kor stor tekstlikskapen er, kor mange tilfelle av juks det er snakk om og kor langt tilbake i tid saka ligg, og Hillesøy understrekar at omfanget av juks vil verte avgjerande for utfallet av kvar enkelt sak.

– Studentar med ei enkelt juksesak som ligg noko tilbake i tid vil stille annleis enn studentar der nemnda ser eit gjennomgåande mønster, seier han.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed