Styrkar samarbeidet med Sudan

Publisert:9. april 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

I Sudan skal oppbygging og styrking av institusjonar for høgare utdanning vere med på å trygge den skjøre freden. Universitetet i Bergen er med på laget, og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Universitetsbiblioteket arbeider aktivt for å få Universitetet i Juba i Sør-Sudan opp på beina att.

Då dei stridande partane i Sudan underteikna ein fredsavtale i 2005, hadde Noreg spelt ei sentral rolle i meklingane. I ettertid forplikta den norske regjeringa seg til å bidra til gjenoppbygginga av landet, og i 2007 vart det etter initiativ frå Utanriksdepartementet etablert eit eige program for å styrke utdanningsinstitusjonar og drive kapasitetsbygging i det sørlege Sudan. Mat. nat.- fakultetet og UB har engasjert seg i gjenoppbyggingsarbeidet, og resultatet av engasjementet skal bli eit splitter nytt, automatisert bibliotek og oppbygginga av laboratoriebasert undervisning for naturvitskaplege fag ved Universitetet i Juba.

Flyttar tilbake
Under borgarkrigen vart Universitetet i Juba tvinga til å flytte heile si verksemd nordover til Universitetet i Khartoum. Etter om lag 20 år i ”utlendigheit” er tida moden for å flytte tilbake.

– Det er i gong ei kontrollert nedbygging i Khartoum og ei oppbygging i det sørlege Sudan, seier Ole Gunnar Evensen, prosjektleiar for Juba University Library Automation Project.

Sjølv var Evensen på besøk i Sudan i februar, og han var positivt overraska over det han fekk sjå i Juba. Universitetsbiblioteket hadde ei rekke bøker som kan brukast som ein stamme i det nye biblioteket og ein pc’lab. Han understrekar likevel at mykje gjenstår.

– Medan elektroniske system er sjølvsagte for oss, var besøket på universitetsbiblioteket i Juba som å kome til ein stad der tida har stått stille i 20 år. Dei har ein manuell kortkatalog og har verken nye bøker eller tidsskrift, seier Evensen.

Ved hjelp av pengestøtta frå NUCOOP-programmet, er planen er at det skal bli store endringar allereie frå hausten. Då vil ein setje i gong innkjøp av nye bøker, og arbeidet med å automatisere biblioteket, som skal nytte eit biblioteksystem (Koha) med open kjeldekode, vil førast vidare. Det vil også bli nytta ressursar på opplæring av fagutdanna bibliotekarar i samarbeid med Makerere University i Uganda og Høgskulen i Oslo.  

Skjør fred kan truge oppbygginga
Ein sentral føresetnad for prosjekta som får støtte gjennom NUCOOP-programmet, er at dei skal vere bærekraftige. Difor er det eit sterkt fokus på lærekrefter og å hente ressurspersonar som har fått utdanninga si andre stader heim til det sørlege Sudan. Professor Dag E. Helland, leiar for naturfagsprosjektet, trekk vekslar på liknande og positive erfaringar frå Universitetet i Bergen sitt samarbeid med Uganda, og trur at fagmiljøa også i Sudan vil vere i stand til å drive vidare på eiga hand etter prosjektet sitt utløp. Han såg svært positive teikn under turen til Sudan i februar.

– Berre i løpet av dei fem månadene som hadde gått sidan mitt førre besøk såg eg store endringar i mellom anna infrastrukturen, seier Helland.

Det store spørsmålet er om Sudan lukkast i å halde på freden mellom nord og sør i fylgje Helland. Han viser til at sterke røyster agiterer for ein større grad av sjølvstyre i sør.

– Som ein liten del av arbeidet med å trygge fredsavtalen, er imidlertid samarbeidet mellom universiteta nord og sør i landet viktig å få på plass, seier han.

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed