I snakkehjørnet: Jan Olav Gatland

Publisert:7. april 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Førstebibliotekar Jan Olav Gatland fortel historia om Torvald Tu - jærdiktaren som trass i eit stort publikum i si samtid, har blitt oversett i norsk litteraturhistorie. Gatland skriv også om det han meiner ligg gøymd mellom linjene.

Biografien “Torvald Tu - eit diktarliv” er utgjeve på Samlaget, og Gatland lanserer boka på Jæren i kveld.

– Du skriv i innleiinga til den nye boka at Tu (1893-1955) ikkje levde noko vanleg A4-liv korkje som diktar eller privatperson. Kan du fortelje litt om livet og karrieren hans ?

–  Torvald Tu er i dag truleg mest kjend som forfattar av humoristiske dikt og stubbar på jærdialekt, men han gav ut bøker i fleire sjangrar. Han var ein svært produktiv forfattar med ei verkliste på rundt 70 titlar. Halvparten av desse er skodespel, hovudsakleg folkekomediar som blei oppførte over heile landet, ikkje minst i ungdomslaga. Det var slik Alf Prøysen oppdaga han, og han blei både imponert og inspirert. Tu blei også oppført i dei store byane, til dømes på Komediateatret i Bergen, der han blei ein slags husdramatikar, og der han fekk oppført ni skodespel med stor suksess. I boka har eg lagt mest vekt på å få fram dramatikaren Torvald Tu.

– Likevel er han berre så vidt nemnd i litteraturhistoria. Kva trur du er årsaka til det?

–  For å svare kort: Dramatikk har alltid blitt neglisjert i norske litteraturhistorier, og folkekomediar i enda større grad. Det er vel ikkje ”høgverdig” nok. Litt av det same opplevde Torvald Tu med dei åtte eventyrbøkene han gav ut, altså nyskrivne kunsteventyr. Eventyr blei sett i klasse med barnelitteratur og ikkje omtalt i avisene. Kva hjelper det då å vere ein av landets beste eventyrforfattarar? Forresten kan eventyra hans godt lesast på nytt.

– Du viser til Tu som Alf Prøysen sitt store forbilde og fortel at dei to brevveksla. Breva fins ikkje lenger, og du spør om dei er fjerna fordi innhaldet var for avslørande. Kva meiner du med det?

–  Spørsmålet er om Prøysen visste at Tu budde saman med ein annan mann, og at breva kan ha innehalde ting Prøysen ikkje ville ha bevart for ettertida. Som biograf er det mi oppgåve å spørje også om slike ting, sett i lys av opplysningane om Prøysens seksualitet som er komne fram dei siste åra.

– Du har tidlegare skrive biografiar om Rolv Thesen og Åsmund Sveen.  Kva skal til for å vekke interesse hos deg som biograf?

–  Det er fleire ting, som at personen bør skrive nynorsk, vere språkleg bevisst og ha utmerka seg på eit område eg finn interessant. Og at det finst kjeldemateriale.

– Biografien som sjanger har alltid vore omdiskutert. Tidligare i år påsto til dømes Frode Grytten at biografiane likna meir og meir på «Se og Hør for intellektuelle». Kva tenker du om denne biografidebatten?

–  Problemet er ikkje kva Grytten meiner, men medias forflatande og sensasjonsorienterte omtale. Det er paradoksalt at media legg seg så lågt som dei gjer i eit samfunn som vårt med eit stadig høgare utdanningsnivå. Det er deprimerande å måtte oppleve fleire hundre siders arbeid redusert til nokre få ord i ei overskrift. Etter mi meining skal ein biograf fortelje alt det viktige om eit menneske, både om (i mitt tilfelle) forfattaren og om privatpersonen. Det er vel få som lever to liv. Liv og verk, arbeid og fritid går hand i hand. Det er mennesket Torvald Tu som er forfattaren som har skapt alle bøkene.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed