Skal drøfte verdien av forsking i utdanninga

Publisert:10. mars 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Forskingsbasert utdanning er sjølve kjerna for verksemda ved universiteta, men i praksis vert omgrepet tolka ulikt. Denne diskusjonen vil Universitetet i Bergen gripe fatt i.

Torsdag 3. april arrangerer Universitetet i Bergen eit nasjonalt seminar om forsking i utdanninga, og seminaret er ope for både tilsette og studentar ved universitet og høgskular. Med gjestar frå både innland og utland, håper rektor Sigmund Grønmo at ein vil få belyst ulike forståingar og utdanningsinstitusjonane sine ulike føresetnader for forskingsbasert utdanning.

– Utgangspunktet for all høgare utdanning er at den skal vere forskingsbasert, men innhaldet i omgrepet kan forståast på ulike måtar. I praksis er det slik at forskingsbasert utdanning vil variere alt etter i kva grad dei som underviser og veiledar sjølve er involverte i forsking, seier han.

Oppdatert kunnskap
Grønmo meiner at forskingsbasert utdanning sikrar rom for det nyaste og fremste innan kunnskapsutviklinga, og at forsking og undervisning gjensidig befruktar kvarandre.

– Prinsippet om forskingsbasert utdanning er ikkje berre viktig med tanke på undervisningskvaliteten, men også med tanke på kvaliteten på forskinga. Når forskarane må drive forskingsbasert undervisning, får dei kontinuerleg tilbakemeldingar og kritiske impulsar, medan studentane på si side vert inspirerte av å møte dei fremste forskarane i miljøet. Det at studentane deltek i utviklande kunnskap, gjev betre læring enn å passivt motta informasjon, seier han.

Han understrekar samstundes behovet for å sikre tid til forsking, og peikar på at det er ei viktig utfordring for UiB å få på plass tiltak som gjer at vitskapeleg tilsette kan dele tida si likt mellom forsking og undervisning.

– Dersom ein skal framheve eit negativt trekk ved Kvalitetsreformen, er det at den har ført til mindre tid til forsking. Då svekkast ikkje berre kvaliteten på forskinga, men også på undervisninga, seier han.

Vil unngå einsretting
Alle tilsette ved både universitet og høgskular er inviterte til å delta på seminaret, og Grønmo legg vekt på at det å verne om grunnleggande verdiar om ei forskingsbasert utdanning ikkje treng medføre einsretting av utdanningstilbodet.

– Det tyder ikkje at høgskular og universitet skal utvikle seg på same måte. Seminaret er eit godt høve til å drøfte korleis ein kan utvikle utdanningsopplegg som varierer og dermed kan bidra til å oppretthalde eit mangfald av utdanningsinstitusjonar, seier han.

Han meiner at ein bør dyrke fram utdanningsinstitusjonane sine særtrekk, og peikar mellom anna på at høgskulane har eit fortrinn i høve til universiteta når det gjeld proefsjonsutdanningar.

– Eg håper at vi med utgangspunkt i dette skal få til ein god diskusjon om utviklinga innan universitets- og høgskulesektoren, seier han.  

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed