Laber interesse for opphavsrett

Publisert:7. mars 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Kven eig ein vitskapleg artikkel? Praksis viser at forskarar jamt over er lite opptekne av rettane dei har som opphavsmenn, og gjerne gjev frå seg opphavsretten til andre som er meir interesserte.

I den tida då alle vitskaplege tidsskrift berre vart utgjeve på papir, vart det vanleg at forfattaren gav opphavsretten ifrå seg til tidsskriftet i byte mot publisering. No når publiseringsformene er blitt meir mangfaldige, og publisering ofte kan skje nærast kostnadsfritt og med globalt nedslagsfelt, er det ikkje lenger så enkelt. Når det finst så mange ulike former for publisering av kunnskap, kviler det eit større ansvar på forskarane når det gjeld korleis dei vil forvalte rettane sine

Er ikkje opptekne av opphavsretten
– Vårt inntrykk er at forskarane ikkje er spesielt opptekne av dette med opphavsretten, sjølv om vi tek til å merke ein auke i spørsmål om dette, seier Ingrid Cutler ved Tilvekstavdelinga på Universitetsbiblioteket.

Ho arbeider med UiB sitt eige elektroniske institusjonsarkiv, BORA, og er med på å kurse studentar og tilsette i bibliotektenester og opphavsrett.

– Det verkar som få er bevisste på sine rettar som forfattarar. Dei som er opptekne av opphavsretten, går gjerne inn for å publisere i Open Access-tidsskrift, der dei vanlegvis ikkje må seie frå seg opphavsretten sin.

Cutler meiner manglande kunnskap og interesse hjå forskarar er den viktigaste grunnen til at så mange gjev frå seg opphavsretten sin utan diskusjon.

– For oss er det til dømes eit stort problem at mange forskarar ikkje veit at forlaget dei publiserer artikkelen hos, tillet at ein eller annan versjon av artikkelen blir eigenarkivert i institusjonsarkiv. Hadde dei vore klar over det, kunne vi ha lagt ut mykje meir i BORA, seier ho.

Kreditering det viktigaste
Opphavsrett er den retten skaparen av eit originalt verk har til å kopiere, publisere og distribuere verket, mot vederlag eller utan vederlag. Sidan forskarar sjeldan sel sine artiklar som forfattarar sel bøker, er det først og fremst den moralske opphavsretten, altså retten til å bli kreditert som opphavsmann, som er blitt oppfatta som viktig. Dei fleste vurderer det som viktigare å få publisert artikkelen i eit velrenommert tidsskrift enn å bestemme kven som får bruke artikkelen til kva. Når den lange og tornefulle vegen mot publisering endeleg er tilbakelagt, kan uheldige forskarar oppdage at dei samstundes har sagt frå seg retten til å disponere sin eigen artikkel, i all framtid og i alle medium.

Forlag grunnar som oftast sin iver etter å sikre seg opphavsretten til artiklane i at dei er betre rusta enn forskarar til å handtere brot på opphavsretten og til å sikre at artiklane blir brukt på ein forsvarleg måte. Eit vanleg argument er også at tidsskrifta tilfører artiklane ein så stor meirverdi at det er rett og rimeleg at dei får opphavsretten i byte.

- Kombinert produkt
– Dette med opphavsrett er eit komplisert spørsmål, og ein bit av eit stort bilete som det alltid har vore mykje diskusjon ikring. Ein vitskapleg artikkel er eit kombinert produkt: Vi ser på det som eit samarbeidsprosjekt der både forfattaren og vi medverkar på viktige måtar, og har felles opphavsrett. Det blir litt for enkelt å hevde at artikkelen berre er forfattaren sin eigedom når vi bidreg med så mykje som vi gjer, seier ansvarleg redaktør i Tidsskrift for den norske legeforening, Charlotte Haug.

Ho hevdar at det ikkje først og fremst er kommersielle interesser som gjer at Tidsskriftet gjerne vil ha opphavsretten:

– Vi er mest opptekne av at ting blir sett inn i rett samanheng, at heilskapen blir teken vare på. Difor vil vi til dømes ikkje tillate at nokon reproduserer berre delar av ein artikkel.

I motsetnad til mange, særleg amerikanske, tidsskrift, har ikkje Tidsskrift for den norske legeforening hatt detaljerte avtalar om overføring av opphavsrett som forfattarane må signere. Opphavsrettsspørsmålet er blitt nemnt som ein del av brevet forfattarane får når artikkelen er akseptert for trykking.

– Men sidan alle delar av akademisk verksemd er i ferd med å bli meir formaliserte, arbeider vi no med å formulere dette på ein litt meir eksplisitt måte enn vi har gjort, opplyser ho.

Haug har tidlegare gjort greie for Tidsskriftet sitt syn på opphavsrett på leiarplass.

Utbreidd misforståing
– Det ho hevdar der, er ei utbreidd misforståing, seier jusprofessor og opphavsrettsekspert Kai Krüger.

– Fordi om det finst mange innsatsfaktorar, vil ikkje det seie at det finst mange opphavsmenn. Åndsverklova er tydeleg på dette. Opphavsmannen er den eller dei som har skrive verket. Om ein har motteke finansiering eller fått råd og rettleiing, så endrar ikkje det kven som har opphavsretten.

Krüger påpeiker at det er eit skilje mellom opphavsmenn i juridisk forstand, og det som i vitskapleg tradisjon blir kalla medforfattarskap. Til dømes vil innsamling av data til ein studie gjerne kvalifisere for medforfattarskap, men ikkje for opphavsrett. Det er altså vanleg å forveksle opphavsrett med faglege tradisjonar og kollegial lojalitet.

– Åndsverklova gjeld retten til kopiering og publisering, og tilhøyrer den som skaper eit verk. Dersom opphavsmannen til dømes vel publiseringskanal i strid med ønsket til medforfattarane, så kan det vere uetisk og i strid med dei såkalla Vancouver-reglane for vitskapleg publisering, men det er ikkje eit brot på opphavsretten, forklarer Krüger.

Spørsmål om forhandling
Forlag og tidsskrift har altså ikkje noko automatisk krav på opphavsretten, og dermed kokar spørsmålet ned til kor mykje opphavsmannen er viljug til å ofre for å få artikkelen på trykk i det tidsskriftet han eller ho har sett seg ut. Tilhengarar av Open Access-publisering har lenge hevda at når forskarar så lett gjev frå seg opphavsretten til artiklane sine, så handlar dei i strid med sine eigne interesser: Publisering gjennom Open Access vil sikre flest mogleg lesarar til artikkelen, samstundes som forskaren sjølv har opphavsretten. Andre hevdar at ved å overdra opphavsretten til tidsskriftet, sikrar forfattaren seg mot at artikkelen blir misbrukt av andre.

– Nokre tidsskrift vil overta all disponering av artikkelen. Andre gonger kan forfattaren forhandle seg til retten til ulike typar gjenbruk. Dette er noko ein må bli samde om i publiseringsavtalen, seier Kai Krüger.

– Tidsskriftet må ha nokre rettar, men det er ingen grunn til at dei skal ha alle. Forfattarar må hugse at dei er i ein forhandlingsposisjon, og vi tilrår forskarar å skrive under ein lisensavtale i staden for å gje frå seg alle rettane sine, seier Ingrid Cutler.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed