Vil synleggjere klenodier

Publisert:6. februar 2008Oppdatert:6. februar 2008, 16:01

Med samanslåinga av Billedsamlinga og Manuskript- og librarsamlinga, håper avdelingsleiar Rune Kyrkjebø at 1+1 skal bli til 3. – Vi blir no ei meir synleg og sterkare museal avdeling i Universitetsbiblioteket, seier han.

I går vart den nye Avdeling for spesialsamlingar markert med eit opningsseminar. Dei to einingane Billedsamlinga og Manuskript- og librarsamlinga skal frå no fungere som ein heilskap med ein styrka profil, og avdelingsleiar Rune Kyrkjebø og universitetsbibliotekar Solveig Greve har store forhåpningar til konsolideringa av dei museale samlingane.

– Gevinsten ligg først og fremst på det faglege plan. Samanslåinga opnar for tettare fagleg diskusjon og ein felles fagleg plattform. Dette kan vi bruke til å synleggjere at vi er ei sterk avdeling med store nasjonalt og til dels internasjonalt anerkjente samlingar, seier Kyrkjebø og Greve.

Digital utfordring  
Den største utfordringa for Avdeling for spesialsamlingar framover, vert digitalisering av objekt som bilete og manuskript. Her ligg imidlertid også ein av dei største moglegheitene ifølge Solveig Greve.

– Nettopp fordi dette er samlingar, så vert materialet stadbunde. Digitaliseringa vil lette på tilgangen og gjere det mogleg for forskarar som ikkje bur i Bergen å bruke materialet vårt som kjelder i arbeidet. I tillegg gjer digitaliseringa det også lettare å få vist samlinga fram til eit større publikum, seier ho.

Sveltefora sektor
Universitetsbiblioteket har arbeida med omorganisering av einingane sine dei siste par åra, og gjennom eit koordineringsforsøk har dei to avdelingane allereie jobba saman over lenger tid. Koordineringsforsøket vart sett i gong etter forslag frå styreleiar i Universitetsbiblioteket, Jan S. Vaagen, som understrekar at den nye avdelinga sit på store verdiar det må brukast ressursar på å verne om. Han ser bevaring av klenodier som ei vesentleg oppgåve og ei sentral kjelde til historiekunnskap.

– I dag gjev mellom anna arkeologiske funn og hieroglyfar oss verdifull kunnskap om fortida. Men kva vil vi etterlate oss for framtida, i ei tid der alt vert lagra på plast, spør Vaagen.

Han peikar på at tildeling av ressursar og synleggjering av verdi er ei avgjerande utfordring for biblioteksektoren.

– Biblioteket har vore sveltefora relativt lenge. Vi er ikkje tent med at vi skal vere så fattige at vi verken har råd til å ta vare på dei klenodiene vi har eller å skaffe nye. Vi har ein forhistorie vi er stolte av, og det må vere tilstrekkeleg med både tilsette og driftsmidlar for å drive dette, og utfordringa er å gjere universitetsleiinga merksame på kva verdiar UB sit inne med, seier han.  

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed