Skeive røyster i nytt tidsskrift

Publisert:11. februar 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Stipendiatar og tidlegare studentar ved Universitetet i Bergen lanserer no eit nytt nordisk kultur- og samfunnstidsskrift. Med eit skeivt blikk på omverda, skal Trikster røske opp i fastgrodde normer og samfunnsstrukturar.

I 2006 samla ei gruppe queer-forskarar og –aktivistar seg til eit seminar på Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK) ved Universitetet i Bergen. Dei sakna eit forum for å diskutere kjønns- og seksualpolitikk på tvers av faggrensene. Ei gruppe studentar og stipendiatar ved Universitetet i Bergen tok erfaringane frå seminaret med seg vidare, og resultatet vart nettmagasinet Trikster – Nordic Queer journal. Torsdag er det lanseringsfest på Landmark.

Vil endre samfunnsstrukturar
Redaksjonen i det nye tidskriftet er sett saman av redaktørane Mathias Danbolt og Fredrik Langeland, som begge fullførte mastergrad ved UiB i 2007, og redaksjonsmedlemmane Marit Vaula Rasmussen og Runar Jordåen, stipendiatar ved henholdsvis SKOK og Institutt for arkeologi, historie, kulturvitskap og religionsvitskap. Dei har høge ambisjonar for Trikster.

– Omgrepet queer var opprinneleg eit skjellsord som vart nytta om homofile, men homo-miljøet tok omgrepet til seg og gav klare uttrykk for at dei ville endre samfunnet, heller enn å la seg assimilere. Vi vil vidareføre denne radikale posisjonen i Trikster, og kjempe for at samfunnsstrukturane endrar seg. Fokus er på hetero-normativiteten og ikkje på hetero-seksualiteten, seier Mathias Danbolt.

Han understrekar at tidsskriftet ikkje opererer med queer-omgrepet som ein betegnelse på personleg identitet, men i eit politisk perspektiv. Trikster skal nytte queer-omgrepet som ein prisme til å analysere dei strukturane som gjer folk til det dei er.

Mytologisk symbolikk
Namnet på tidskriftet spelar nettopp på ambisjonen om å forstyrre det etablerte.

– I mytologien er ein trikster ein av dei morosame, men litt farlege skikkelsane som skaper rot i systemet, og på engelsk har omgrepet også tydinga lurendreiar eller sjarlatan. Vi har vel å merke ingen intensjonar om å svindle, men vil forstyrre den hetero-normative ordenen, seier Danbolt.

Med det nye tidsskriftet håper redaksjonen å skape ein arena der ulike posisjonar kan møtast. Trikster er verken eit akademisk eller noko tradisjonelt kulturtidsskrift, men skal gje rom for røyster både innan akademia, aktivistmiljøet, politikken og kulturen. Målet er å nå ut til eit breidt publikum, og oppskrifta er mangfald både når det gjeld bidragsytarar, språk og sjanger.

– Vi vil fungere som eit bindeledd mellom det akademiske og aktivistiske kjønn- og seksualitetsmiljøet i Norden, difor har vi valt å opne for tekstar på norsk, svensk, dansk og engelsk. Vi tilstrebar imidlertid også mangfald når det gjeld sjanger, og i Trikster vil ein finne både akademiske, poetiske og humoristiske tekstar, seier Danbolt.

Det første nummeret er eit døme på dette breie omfanget, med bidrag frå mellom andre musikkvitar Erik Steinskog , Tiina Rosenberg ved Lund universitet og performance-poesi mellom poetane Hanna Hallgren og Jenny Tunedal.

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed