I snakkehjørnet: Kari Garnes

Publisert:12. februar 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 11:18

Kari Garnes har ei lang karriere bak seg i biblioteksektoren. 1. februar gjekk ho av som bibliotekdirektør, men ho gjev likevel ikkje slepp på arbeidet med å sikre det historiske materialet ved Universitetet i Bergen.

Kari Garnes har vore tilsett ved Universitetsbiblioteket i 30 år. I vel 20  av desse åra har ho styrt skuta som bibliotekdirektør, og ho har vore vitne til omfattande endringar i sektoren.

– Frå 1. februar er du ikkje lenger bibliotekdirektør. Kva stilling går du over i no?

– Eg er seniorrådgjevar i prosjektet ”Dokumentasjon av historisk materiale” . Målet er å kartlegge og lage forslag til oppbygging  av eit  faghistorisk arkiv og få samla inn materiale  ved Universitetet i Bergen. Dette vil vere viktig grunnlagsmateriale for Universitetets vitskapshistorie.

– Kva vil du sakne mest i tida framover?

– Eg vil nok sakne nære kollegaer og det nasjonale og internasjonale nettverket eg har hatt som bibliotekdirektør. I ei tid framover vil eg kanskje sakne engasjerte debattar kring utviklinga og vegen vidare innan universitets- og biblioteksamfunnet.

– Kva har vore dei største omveltingane i sektoren i di tid som bibliotekdirektør?

– Ved Universitetsbiblioteket har vi gått gjennom eit paradigmeskifte i dei vel 20 åra eg har vore direktør. Overgangen frå trykt til elektronisk informasjon og media har endra både verksemda , arbeidsmetoder og tenestetilboda totalt. UB har greidd å konvertere alle gamle kortkatalogar til den elektroniske BIBSYS-basen, og også metoder for lagring  og tilgang på publikasjonar er fullstendig endra. Akkvisisjon av bøker, tidsskrift og andre dokument er også annleis. Ny kunnskap i informasjonskompetanse har vore grunnleggande både for eigne tilsette og universitetet sine studentar og forskarar. Oppbygging av det elektroniske arkivet BORA med sikker lagring av masteroppgåver og Phd-avhandlingar og vitskapelege publikasjonar frå UiB har også vore viktig.

Det har vore ei omfattande endring i dei fysiske biblioteklokala i min periode.  Utgangspunktet var i stor grad eit sentralt universitetsbibliotek med samlingar i lukka magasin og  instituttbibliotek som ikkje var tilgjengelege anna enn for dei tilsette ved instituttet. Oppbygging av nye og ombygde biblioteklokale der faglitteraturen er samla, og der det blir gjeve kvalifiserte tenester innan bibliotek og informasjon,  har vore ei stor omvelting. Innføring av læringssenterkonseptet i bibliotek viste seg å vere svært populært hjå studentane.

– Kva trur du blir den største utfordringa for etterfølgaren din?

– Slik eg ser situasjonen no er den største utfordringa å få ein betre økonomi til å drifte biblioteket.  Kostnaden på dei elektroniske media der det er inngått  lisensavtaler med utgjevarane er mykje høgare enn den priskompensasjonen vi kvart år får gjennom budsjetta.  Biblioteket  har rasjonalisert og effektivisert  jamnleg  for å greie desse kostnadene. Dersom forskarane framover skal publisere sine arbeid og forlaga skal ha sine monopolrettar på same måte som i dag, er det ingen veg utanom å auke den økonomiske ramma for drift av biblioteket. Utviklinga med tilgang av elektroniske abonnement og til elektroniske arkiv er ikkje reversibel.

– Korleis har det vore å jobbe under dei store ombyggingane som har funne stad dei siste åra?

– I mi tid som bibliotekdirektør har det heile tida vore ombyggingprosjekt med flytting av samlingar og anna bibliotekinventar og utstyr. Realfagsbiblioteket er flytta til Godskes hus, nytt juridisk bibliotek flytta til  Dragefjellet, nytt bibliotek i Bjørn Christiansens hus, nytt medisinsk bibliotek i BB-bygget, ombygging på Haakon Sheteligs plass og no utviding og ombygging av biblioteket for samfunnsfag. Dette har vore oppgåver der dei tilsette og UB har vore involverte i heile prosessen.

Vi har lært svært mykje om planlegging og logistikk. Den største operasjonen var klart utflytting av samlingane frå hovudbiblioteket og flytting av sentrale avdelingar til lokalitetar i Stein Rokkans hus. Her blei det flytta 10 km med bøker. UB fekk også rydda og sendt materiale det ikkje var aktuelt å oppbevare sjølv til depotmagasinet i Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, og alle samlingane har no kome i orden. Ein lærer mykje av slike ombyggings- og omorganiseringsprosessar. Kampen om kvadratmeterane og andre spørsmål kan vere beintøffe, men slikt går over. Det viktigaste er at Universitetet i Bergen har fått eit moderne og effektivt Universitetsbibliotek.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed