Harvard påbyr Open Access

Publisert:18. februar 2008Oppdatert:19. februar 2008, 14:30

Det prestisjetunge Harvard-universitetet har gjort open elektronisk publisering obligatorisk for vitskapleg tilsette. Også UiB førebur tiltak for å gjere forsking friare tilgjengeleg.

Fakultetet for humaniora og naturvitskap ved det amerikanske universitetet Harvard vedtok førre veke å gje universitetet retten til å publisere alle fakultetet sine vitskaplege artiklar i Harvard sitt eige elektroniske institusjonsarkiv. Samstundes skal dei vitskapleg tilsette framleis ha opphavsretten til artiklane sine. Dersom forskarar ønskjer å publisere i tidsskrift som krev at forskarane seier frå seg opphavsretten til arbeidet, eller som ikkje vil tillate publisering i institusjonsarkiv, må dei be om fritak frå regelen. Initiativet til vedtaket kom ikkje frå fakultetsleiinga, men frå ei gruppe vitskapleg tilsette, og vedtaket har vekt stor merksemd i forskarverda.

Blir lagt merke til
– Når Harvard går til eit slikt skritt, er det klart det blir lagt merke til, seier leiar for tilvekstavdelinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen, Ole Gunnar Evensen.

Avdelinga har ansvar for institusjonsarkivet til UiB, BORA. Også her blir forskingsarbeid publisert med fri tilgang, men førebels krev dette at forskarane sjølve tek initiativ til å legge ut artiklar i arkivet, og dei må sjølve syte for at publisering i arkivet ikkje kjem i konflikt med rettane til tidsskriftet.

– Vedtaket ved Harvard vil seie at forskarane der no har institusjonen i ryggen i møte med utgjevarane, seier Evensen, som trur at mange forskarar misforstår måten institusjonsarkiv som BORA fungerer på.

– Når forskarar skal publisere artiklane sine i tidsskrift, er det viktig å hugse at det er lov å stille krav, og dei fleste forlag gjev aksept for å publisere i institusjonsarkiv dersom forskarane bed om det, sjølv om dei kanskje ikkje tillet andre former for parallellpublisering.

Førebur styresak
Vedtaket ved Harvard er ein del av ei internasjonal rørsle for å sikre fri tilgang til offentleg finansiert forsking, og for å unngå at tidsskrifta skal legge for sterke restriksjonar på bruken og spreiinga av forskingsresultat. Utgiftene til å betale for vitskaplege tidskrift tek no ein stadig større del av universitetsbiblioteka sine budsjett.

Rektor Sigmund Grønmo hevdar at UiB generelt ønskjer å auke bruken av open access, og fortel at ei styresak om dette vil bli lagt fram om kort tid.

– Vi merkar oss sjølvsagt kva som skjer på dette området elles i verda, og er glade for at utviklinga går i retning av meir fri tilgang til forsking, seier han.

BORA er per februar 2008 einaste norske institusjonsarkiv på The Webometrics Ranking of World Universities si liste over slike arkiv.

  

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed