Romkoffert skal pirre skuleelevar

Publisert:18. januar 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 10:03

Med ein ”romkoffert” fylt av ulike måleinstrument, skal elevar i den vidaregåande skulen få moglegheiten til å følge verdsrommet på nært hald.

Initiativtakarane til prosjektet er forskarar ved Institutt for fysikk og teknologi. Romkofferten er ein del av IPY-ICESTAR, eit program forankra i Det internasjonale polaråret (IPY). Ein viktig del av IPY-ICESTAR-prosjektet er nettopp formidlingsverksemd.  

– Dette er vårt bidrag til satsinga på realfag. For oss handlar dette om å vekke nysgjerrigheit, seier Nikolai Østgaard, professor i fysikk og leiar av IPY-ICESTAR-prosjektet.

Må gje slepp på kontrollen
Den nye romkofferten inneheld to ulike solteleskop, eit magnetometer, eit kamera med fiskeaugelinse, eit spektrometer, ein GPS og ein geigerteller. Samla inneheld romkofferten utstyr til ein verdi av kring 60 000 kroner, og gjev skuleelevane ein unik moglegheit til å vere tilskodarar til dei enorme kreftene som utspelar seg i verdsrommet. Kjartan Olafsson, førsteamanuensis i gruppa for skuleretta fysikk og formidling ved Institutt for fysikk og teknologi, peikar på at det har hendt mykje med læreplanen for realfag dei siste åra, og at tema knytta til verdsrommet og stråling har fått ei sterkare rolle.

– Instrumenta i romkofferten er knytta til målingar på dette området. Vanlegvis går eksperimenta i skulen føre seg i laboratorium, der elevane kan kontrollere alle faktorar sjølve. Her blir dei nøydde til å gje slepp på denne kontrollen og sjå kva naturen kan forsyne dei med, seier han.

Vinn solteleskop
No skal forskarane sende ut ein poster og ei brosjyre med informasjon til vidaregåande skular landet over. Skular som er intersserte i å delta i prosjektet kan melde seg på til forskarane, og planen er at kvar deltakande skule skal ha utstyret til disposisjon i 3-4 veker. På bakgrunn av målingane skal elevane utarbeide ein rapport som vert vurdert av forskarane, og det beste bidraget vert premiert med eit solteleskop.

Olafsson og Østgaard håper at moglegheiten til å prøve ut innhaldet i romkofferten vil inspirere skular til å investere i måleutstyr sjølve.

– Ein kan danne seg eit brukbart bilete av kva som skjer i verdsrommet sjølv med relativt enkle instrument. Det er viktig å vise at det ikkje heftar noko mystisk ved slike målingar, seier Olafsson. 

Vil kartlegge nordlyset
Dei første som skal få bryne seg på utstyret, er elevane ved Longyearbyen vidaregåande skule. Førstkomande fredag skal dei opne romkofferten og setje i gong med målingar av sola og aktivitet i atmosfæren, og akkurat desse elevane har unike føresetnader for å studere eit av dei fenomena forskarane bak det internasjonale polaråret er mest opptekne av; nordlyset.

– Eit nordlys-utbrot er flott å sjå på, men ikkje så lett å hugse i ettertid. No håper vi at elevane kan bruke kameraet til å fotografere heile forløpet til eit nordlys-utbrot. Dersom dei til dømes tek eit bilete kvart 30. sekund, kan dei avspele bilete fortløpande etterpå og leite etter systematikk i formene på nordlyset. Kan hende byrjar dei då å sjå strukturar dei ikkje la merke til under sjølve utbrotet, seier Kjartan Olafsson.

Måleinstrumenta vil også gjere skuleelevane i stand til å forutsjå slike nordlys-utbrot. Nordlys er eit resultat av små og store eksplosjonar på sola si overflate. I desse eksplosjonane vert partiklar slynga mot jorda. Når desse partiklane kjem fram til jorda, kolliderar dei med atmosfæregassar og det vert danna nordlys.

– Vanlegvis brukar partiklane 2-3 døgn på å nå jorda si atmosfære. Dermed kan elevane forutseie nordlys-utbrot ved å studere aktiviteten på sola gjennom solteleskopet, seier Olafsson.

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed