Omkamp om statusen til verdas mektigaste menn

Publisert:23. januar 2008Oppdatert:2. oktober 2013, 10:03

– Det er eit teikn i tida at konservative historikarar i USA forsøker å tillegge konservative presidentar større betydning enn dei truleg har hatt, seier førsteamanuensis Gunnar Grendstad. Likevel meiner han at George Bush kjem til å verte hugsa som ein, i beste fall, middelmådig president.

Medan det er unison semje om at mellom anna Abraham Lincoln og F. D. Roosevelt utmerka seg som sterke og samlande statsoverhovud, har presidentar som Richard Nixon, James Buchanan og Andrew Johnson fått eit meir enn tvilsamt ettermæle. Amerikanske forskarar har lange tradisjonar for å vurdere i kva grad presidentar opp gjennom historia har gjort ein god jobb eller ikkje, men dei er ikkje alltid like samde i vurderingane.

I ein ny artikkel tek Gunnar Grendstad, førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk, føre seg historikarane sine president-vurderingar.

Omstridt ettermæle
Presidentane vert ifølge Gunnar Grendstad vurderte etter ei lang rekke kriterier, mellom anna evna til å løyse kriser, organiseringa i Det kvite hus, utanrikspolitikken, presidenten sitt forhold til kongressen og om dei har kome med viktige bidrag innanfor lovgjevinga.

– Nixon og Lyndon B. Johnson er gode døme på kvifor det kan vere usemje kring vurderingane av presidentar. Karakteren dei får, vil avhenge av kva utgangspunkt ein har for evalueringa. Nixon var dyktig innanfor utanrikspolitikken, men rota det til for seg sjølv med Watergate-skandalen. Lyndon B. Johnson lukkast innanfor sosiallovgjevinga, men førte USA inn i Vietnam-krigen, seier Grendstad.

Ideologisk polarisering
Vurderingane av presidentane sine prestasjonar vil dessutan også kunne endre seg etter kvart som tida går.

– President-vurderingane er eigentleg ein kamp om samfunnssyn og ideologi, og det er ikkje urimeleg å seie at ei ny tid vil vurdere presidentar ulikt, seier Gunnar Grendstad.

Han viser til ei samfunnsutvikling som han ser som ei klar ideologisk polarisering i USA. Ein del av denne pågåande polariseringa er ei revurdering av tidlegare presidentar sin innsats og prestasjonar.

– Ronald Reagan vart etter si tid i embetet vurdert til å vere ein middelmådig president. Men dei siste åra har konservative historikarar hatt som eit prosjekt å heve statusen hans, slik at han vil bli ståande som ein stor president. Dei vurderer han utifrå ein ideologisk ståstad, heller enn hans suksess innanfor lovgjevinga. For desse historikarane er det vel så viktig å redusere staten som å bidra til lovgjevingsprosessen, seier Grendstad.

Kan bli den verste gjennom tidene
I USA har det gått ein debatt om president George W. Bush i nettutgåva av Washington Post, og i ein artikkel i Rolling Stone, slår den anerkjende Princeton-historikaren Sean Wilentz fast at Bush er ein klar kandidat til tittelen ’tidenes verste’.

– Før 11. september hadde ikkje Bush noko spesielt å levere i det heile. Han har ikkje lukkast med si målsetting om ’compassionate conservatism’ og heller ikkje med skuleprosjektet sitt. Men det som verkeleg trekk han ned, er Irak-krigen. Han vil bli straffa for å ha gått til krig på eit så misvisande grunnlag, i alle høve av historikarane, meiner Grendstad.

Bush sine problem i Irak, kan også vere eit trugsmål mot hans partifellar i det komande presidentvalget ifølge Grendstad.

– Når USA slit i krig, ligg ikkje representantar frå presidenten sitt parti godt an. Presidenten trekk partimedlemmane ned med seg. Det same gjeld også når landet sin økonomi går dårleg, seier han.

Ein president som får landet ut av ei krise, vil derimot vere sikra eit godt ettermæle. Den statistiske samanhengen mellom det å føre USA sigrande ut av ein krig og det å bli vurdert som ein stor president er heilt klar.

– Om presidenten gjer ein god jobb eller ikkje, er eit samansett spørsmål, og ofte også avgjort av tilfeldigheiter. Du kan berre avgjere ting sjølv opp til eit visst punkt. Resten er flaks, seier Grendstad.

 

 

 

 

 

 

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed