Sarssenteret sikra vidare drift

Publisert:18. desember 2007Oppdatert:2. oktober 2013, 10:03

Ei svært positiv evaluering sikrar no Sarssenteret finansiering ut 2012. – Sannsynlegvis er det publikasjonane og originaliteten ved forskinga her på senteret komiteen har lagt vekt på i rapporten, seier forskingsdirektør Daniel Chourrout.

 I 2003 underteikna Sarssenteret ein avtale med Forskingsrådet og Universitetet i Bergen om finansiering av verksemda ved senteret fram til 2012. Føresetnaden for finansiering ut heile perioden var imidlertid at Sarssenteret måtte få positiv tilbakemelding på ei midtvegs-evaluering. No ligg evalueringsrapporten ute, og Sarssenteret får svært gode skussmål frå komiteen som på oppdrag frå Forskingsrådet har gått verksemda i saumane. Den positive responsen sikrar Sarssenteret vidare finansiering frå Forskingsrådet, og som følge av dette også eit tilsvarande bidrag frå Universitetet i Bergen.

På publikasjonstoppen
I forbindelse med rapporten er Sarssenteret vurdert langs ei lang rekke kriterier, og både forskingsresultat, samarbeid og evne til å nå fastsette mål har spela ei viktig rolle for resultatet av evalueringa. Mellom anna har komiteen bite seg merke i svært mange publikasjonar i anerkjende forskingsmagasin. Heile 7 prosent av norsk forskingsstoff i slike magasin stammar frå Sarssenteret, ein svært høg prosentandel med tanke på senteret sin storleik. Rapporten legg også vekt på ei sterk grad av samarbeid, både på det internasjonale og nasjonale plan.

–  Medlemsskapet i European Molecular Biology Laboratory (EMBL) blir framheva av komiteen. I tillegg ser dei det som positivt at vi viser initiativ til samarbeid og utvikling innanfor fagfeltet, mellom anna ved å vere med på å danne den nye Forskarskulen, seier Daniel Chourrout.

Han trur, i likskap med gruppeleiar Eric Thompson og administrasjonssjef Trygve Serck-Hanssen, at senteret har klart å sette Noreg på kartet når det gjeld forsking innan marin molekylær biologi.

Ønskjer sterkare engasjement
Etter den overveldande responsen frå komiteen, håper leiinga ved Sarssenteret at finansieringa no kan vere sikra også etter 2012. Komiteen anbefalar på det sterkaste at Forskingsrådet også i framtida bidreg med støtte, noko som i utgangspunktet ikkje er normal praksis etter ti år.

– Vanlegvis er det den lokale utdanningsinstitusjonen som må oppfordre Forskingsrådet til å gå inn med midlar. Men i dette tilfellet føler vi nesten at det er omvendt, og vi skulle gjerne ha sett at fagmiljøa ved universitetet, som også vil ha nytte av eit sterkt Sarssenter i framtida, hadde uttrykt større interesse for å få ei langsiktig finansiering på plass. Eit sterkare engasjement og visjonar for senteret ville ha sendt viktige signal til både samarbeidspartnarar og studentar, seier Daniel Chourrout.

Sarssenteret vart etablert blant anna for å stimulere til auka kommunikasjon og synergiar mellom marinbiologi og molekylærbiologi i Bergen, men sjølv om forskingssamarbeidet er styrka gjennom dei seinare åra, står det framleis mykje att på utdanningsområdet. Dette kan nok vere ei av årsakene til at Sarssenteret ikkje i fullt monn har lukkast med å rekruttere norske studentar i eit ønska omfang. Forskingsleiaren er imidlertid svært nøgd med at rektor Sigmund Grønmo har gjeve det internasjonale evalueringspanelet signal om ei sterkare satsing på å utdanne studentar innanfor marin molekylær biologi.

Løyser gåter
Men i første omgang gjer tryggleiken kring finansieringa fram til 2012 det mogleg å utvide aktiviteten til dei forskingsgruppene som allereie er etablerte, og forskingsdirektøren er ikkje i tvil om at dei vil gjere Sarssenteret endå meir synleg framover.

– Vi ser mellom anna svært lovande resultat frå forskingsprosjektet på sebrafisk. Her kan det liggje løysingar knytta til genetiske sjukdomar. Forskinga innan marin molekylær biologi dreier seg ikkje berre om fiskerinæriga, den kan setjast inn i eit langt breiare perspektiv. Meir grunnforsking på marine modellorganismar som kappedyret Oikopleura gjer no at Sarssenteret kan styrke si satsing på blant anna marine økosystem. Ein har alt starta forsking på korleis slike artar og økosystem responderer ved klimaendringar, framhevar Daniel Chourrout og Eric Thompson.

 

 

 

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed