Helvete laus på Raptusfestivalen

Publisert:1. oktober 2007Oppdatert:2. oktober 2013, 10:03

– Om dette kan bli ein døropnar for nordmenn til Dante og hans verk, så er eg nøgd, seier Bodil Moss, som har omsett teikneserien om Den guddommelege komedie til norsk.

Teikneserieboka Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie – Helvete vart lansert på teikneseriefestivalen Raptus i helga. Serien er teikna av italienske Marcello Toninelli, som kom til Noreg i samband med lanseringa. Bodil Moss, som er universitetslektor i italiensk ved Institutt for framandspråk, har omsett boka til norsk.

Vart vener på skulen
Serien har allereie ei lang historie: Den guddommelege komedie var debuten til Toninelli, og såg dagens lys allereie medan han gjekk på skulen. Som alle italienske skuleelevar lærte han om 1300-talspoeten Dante Alighieri i klasserommet, og dei vart straks vener, som han seier.

– Men eg tykte at Dante var i overkant høgtidleg og alvorleg, og tenkte eg ville sprite han litt opp, ler han.

Dermed laga han Den guddommelege komedien om til ein parodisk teikneserie, som først vart trykt i Italia i 1969. Serien har vore trykt i ulike aviser og undergrunnsblad opp gjennom åra, han har vore flikka på og teikna på nytt, og vart til slutt gjeve ut i hefteform for nokre år sidan. Hefta vart så populære at det vart avgjort å lage bok av serien. Boka kom ut i Italia i 2004, og er så langt trykt i tre opplag. I Italia har ho seld jamt og trutt sidan lanseringa, noko ho har til felles med originalen, som aldri har slutta å selje.

Utfordrande omsetjing
Bodil Moss fekk sitt første møte med serien då ho tok eit omsetjarkurs medan ho gjekk på master i italiensk. Ho fall pladask, og greidde til slutt å få bestilt eit eksemplar av boka over internett.

– For om lag halvanna år sidan kontakta eg Marcello Toninelli og spurde om han var interessert i å få serien sin omsett til norsk. Det var han, men han lurte på om eg visste kva eg gav meg ut på. Teksten inneheld mange ordspel og kulturelle referansar som gjorde omsetjinga til ei utfordring, fortel ho.

– Personane ein møter i Dante sitt verk, er også med i serien. Men i tillegg er det referert til samtidspersonar og hendingar som er godt kjende i Italia, og då har eg prøvd å byte dei ut med noko tilsvarande frå norsk samtidskultur. På same måte er det mange ordspel som misser meininga når dei blir omsette til norsk, og desse har eg prøvd å gjendikte så godt eg kan.

Berre omsett til norsk
Ved hjelp av Toninelli sine originalteikningar og eit teikneprogram lasta ned gratis frå internett, vart boka til sist ferdig, og er no å få kjøpt på teikneseriebutikken Outland. Dette er den einaste omsetjinga som er gjort av serien, om vi ser vekk ifrå ei utgjeving på latin av eit lite forlag i Italia. Det er berre første del, Helvete, som no kjem på norsk. Forlaget Transfer vil sjå korleis boka blir motteken før ein avgjer om dei andre delane, Skjærselden og Paradiset, også skal omsetjast.

– Eg har først og fremst gjort dette for min eigen skuld, og vi lyt sjølvsagt rekne med at det er eit snevrare segment som vil vere interessert i ein serie som denne i Noreg enn det er i Italia. Samstundes er det jo synd om alt arbeidet ikkje skal gje frukt, vedgår Moss.

Boka kjem ut på nynorsk, og Moss og Toninelli har fått høyre at dei på den måten har gjort det enno vanskelegare for seg sjølve.

– Men nynorsk var det einaste som var aktuelt for meg. Eg var ute etter ein ekspressivitet og eit poetisk uttrykk som eg ikkje følte eg ville oppnå med bokmål, hevdar Moss.

Teikna Berlusconi-biografi
Boka er utstyrt med eit etterord der ho fortel om omsetjingsprosessen, og med eit forord av Marcello Toninelli om korleis serien vart til.

Den guddommelege komedien vart på sett og vis definerande for Toninelli sin karriere som serieteiknar. Den gode mottakinga serien fekk, førde til etterspurnad etter liknande seriar, og han har seinare teikna parodiar på Illiaden, Odysséen, Æneiden – og Star Wars. Dessutan har han laga teikna biografiar om Dante, Benito Mussolini og Silvo Berlusconi. I skrivebordskuffa har han også ein kriminalroman med Dante som hovudperson. Tida vil vise om det tek nye førti år før denne boka kjem til Noreg.

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed