Lingvistar byggjer bru til kvarandre

Publisert:17. november 2006Oppdatert:2. oktober 2013, 09:26

Sosiolingvistar og strukturlingvistar studerer begge variasjon og endringar i språk, likevel har dei tradisjonelt vore knytt til to ulike greiner innanfor språkvitskapen. No har dei gått saman om eit treårig prosjekt.

Prosjektet heiter ”Nordic Language Variation Network” og involverer tre senter for framragande forsking og tre forskingsgrupper i Norden, mellom anna ei gruppe frå Nordisk Institutt ved UiB, der professor Gjert Kristoffersen er leiar. Nettverket er finansiert av Nordforsk, som er eit såkalla nettverk av nasjonale sentre for framragande forsking.

– Det er den same gruppa i Bergen som no har søknad inne hos NFR om å få nasjonal status som Senter for framragande forsking som er med i dette prosjektet. Det var forskingsmiljø i Tromsø og København som tok initiativet til det for om lag eit år sidan. I juni vart andresøknaden  sendt og i september vart den innvilga. Det har gått fort, seier Kristoffersen.

Skal samarbeide
Nettverket skal i all hovudsak fungere som forskarutdanning, og alle dei seks miljøa skal i løpet av treårsperioden arrangere ei vekes seminar kvar. I Bergen vil seminaret truleg bli arrangert våren 2008. Det er innvilga om lag 400 000 kroner per år til nettverket.

– Formålet vårt er å sjå på kva for likskapar og ulikskapar som finst mellom dei to tilnærmingane til språkforsking. Eg trur vi begge kan bli betre av å sjå over gjerdet, seier Kristoffersen. På seminara skal det vere ein kombinasjon av bidrag frå forskarar gjennom forelesingar og seminar, og eit høve for PhD-studentane til å presentere eigne prosjekt.

Motsetningar?
I miljøet Bergen finn vi begge retningane representerte, men det er mest kjent for studiet av korleis sosiale faktorar påverkar endringar og variasjonar i språket, for eksempel ulikskapar i språket mellom sosiale lag. No vil dei møte miljø der den andre språktradisjonen dominerer, nemleg studiet av språksystemet, gjennom seminar med forskarar som er opptatt av desse spørsmåla.

– Dei er også opptatt av endringar og variasjon i språket, men dei er meir opptatt av andre årsaker til endringar i språket. Når små barn lærer seg eit veldig komplisert språksystem på få år, vil dei kunn tolke det dei høyrer forskjellig og dermed kan endringar oppstå frå generasjon til generasjon, forklarer han.

Strukturlingvistane er også opptekne av kva som karakteriserer eit naturleg språk. Dette set i neste omgang grenser for kor mykje og korleis eit språk kan endre seg.

– Desse to måtane å studere språk på er ikkje nødvendigvis motsetningar, vi trur at dei kan komplettere og gjere kvarandre betre, meiner Kristoffersen.

Han trur dei gode forskingsmiljøa er ei av årsakene til at dei fekk innvilga søknaden.

– Dessutan har dei to fagdisiplinane nærma seg kvarandre dei seinaste åra, mellom anna ved at dei bruker mykje av det same datamaterialet.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed