Norsk ny-nasjonalisme?

Publisert:27. mars 2006Oppdatert:9. september 2013, 15:23

Eit offentlig utvalg foreslår at det skal satsast mykje ressursar på å byggja ”norgesbilder vi ønsker at omverdenen skal ha av oss” og at me alle skal opplærast til å ”fortelle den samme historien” om oss sjøl.

’Omdømmeutvalget’ som blei nedsett av den forrige regjeringa, har kome med sluttrapport. Mandatet var ”å utvikle forslag til en overordnet og omforent posisjon for nasjonalt omdømmearbeid”. Problemet er, meiner utvalget, at ”Norge trenger å kommunisere en klarere profil”. Omverda veit ikkje kor gode me er, omverda må bli klar over at ”I Norge samhandler mennesker med kultur, teknologi og natur på en innovativ og harmonisk måte”; at her skjer ein ”ansvarlig forvaltning av naturressurser”; at Norge er ”en pådriver for likeverd og demokrati” og at norske personlighetstrekk er ”utforskende, nyskapende, uformell og ærlig”. Omverda har ikkje forstått det statsminister Gro Harlem Brundtland forsøkte å fortelja etter Lillehammer-OL, at ”det er typisk norsk å være god”.

Nasjonalisme kan definerast som eit forestilt fellesskap, bilder som me konstruerer om kvifor alle som bur innanfor territoriet Norge bør stå saman, til forskjell frå andre, som for eksempel svenskar og pakistanarar. Nasjonalismen har opp gjennom historia skapt mange slike bilder, tilpassa ulike og skiftande behov som politiske bevegelsar eller statselitar har hatt. Konstruksjonane har vore rasistiske, kulturelle, eller økonomisk-imperialistiske og har ofte nedfelt seg i heroiske nasjonal-historier som har blitt pensum i skuleverket.

Ein kan i dag undra seg over  kven som har interesse av å samla folket innan det norske territoriet omkring ”en enhetlig idemessig overbygning” slik Omdømmeutvalget går inn for. Me får visse ideear om dette når me les at målsettingane mellom anna er å ”styrke norsk næringslivs internasjonale konkurransekraft”, ”øke Norges attraktivitet som land å investere i” og ”styrke tiltrekningsevnen for arbeidskraft”. Og går me vidare til folka som står bak dette prosjektet, blir bildet noke klarare: det var Høyre-ministeren Jan Petersen som sette ned utvalget. To av statssekretærane hans, begge Høyre-politikarar, leda utvalget inntil tidligare direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Jon Vea, tok over. Medlemmer elles var ein annan statssekretær, også Høyre-politikar frå Nærings- og handelsdepartementet; representantar for Norges Rederiforening, Eksportutvalget for fisk og ledaren av Norges Kulturråd. Statsvitarar skal vera ekspertar på nasjonsbygging, og Omdømmeutvalget fekk faglig legitimering ved at professor Janne Haaland Matlary blei med (også tidligare statssekretær i Utanriksdepartementet, for KrF).

Initiativ og samansetjing kan synast noke paradoksal, fordi både Høyre, NHO og Norges Rederiforening har vore heller kritiske til nasjonale perspektiv, når slike har vore brukt som for eksempel i spørsmålet om norsk medlemsskap i EU. Men nå er tonen ein annan: ”I en globalisert verden, med økt internasjonal konkurranse, blir en klar nasjonal identitet stadig viktigere. … Så lenge nasjonalstatene fortsatt er de sentrale enhetene i det internasjonale systemet, vil nasjonal identitet ha stor betydning.”- Og nå gjeld det altså å selja fisk, gjera Statoil til eit internasjonalt oljekonsern på linje med Elf, Shell og Exxon og å frakta endå meir varer på norske skip. Og næringsliberalistane er då ikkje så opptekne av det åndelige, kulturelle eller ideologiske mangfoldet som er typisk for det liberale demokratiet: ”Det vesentlige er at alle forteller den samme historien”, hevdar Omdømmeutvalget.  Og for at me alle skal fortelja den same historia, må me oppdras i det same bildet. Det skal dannast ”en enhetlig idemessig overbygning”, eit arbeid som skal ledast av ”et nasjonalt omdømmeforum ledet av Utenriksministeren”; det skal ”arrangeres en nasjonal omdømmekonferanse høsten 2006” og eit ”felles pilotprosjekt”skal setjast i gang.

Eit problem til nå har vore at omdømmet som omverda har hatt av oss har vore basert på enkelthandlingar som sport, Muhammed-karrikaturar og lakseeksport. Desse må samlast slik at dei kan oppfattast ”som det kollektive ”Norge”, som staten, som nasjonen”, meiner utvalget. Me kan nå venta oss propagandautspel for å gjera oss mest mulig like i hovuda. Kva med eit nytt fag i grunnskulen i ’Omdømmebygging’, obligatorisk som nasjonal oppseding har vore så mange gonger før i historia?

Finansieringa skal følja ein klassisk norsk modell, slik utvalget tenkjer seg det: Staten skal stå for grunnfinansieringa med medfinansiering frå næringslivet.

Den norske nasjonen skal samlast, men han skal samlast ”mot øremerkede målgrupper”. Desse spesifiserer ikkje utvalget, men me kan spekulera slik Fanden gjer når han les ei viss bok: Er det omdømmet av ein samla nasjon som skal gjera det unødvendig for Jonas Gahr Støre i framtida å unnskylda ein uregjerlig SV-regjeringspartnar overfor Gondolezza Rice? Eller er det å samla nasjonen si slagkraft for å kunna stå imot angrep frå muslimar som ikkje forstår kor høg sivilisasjon me har utvikla i landet vårt?

Dette luktar ny-nasjonalisme, eller sagt med eit meir malande uttrykk: ny-sjåvinisme.

Kan me stola på luktesansen til den rød-grøne regjeringa som nå får Omdømmeutvalget sin sluttrapport på bordet?

 

Kronikken har tidlegare stått på trykk i Bergens Tidende

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed