- Forskarar og politikarar må samarbeide meir

Publisert:15. mars 2006Oppdatert:20. mars 2006, 10:41

Utviklingsminister Erik Solheim ønsker kritisk forskingsblikk på Noregs engasjement i Sudan og andre land langs Nilen.

Utviklingsministeren var til stades på opninga av det nye, store Nilen-prosjektet onsdag 15.mars der UIB har rolla som koordinator. Prosjektet der  ti land langs Nilen deltek har hatt ein lang og trang fødsel, men no er både pengar og struktur i ferd med å falle på plass. UD og NORAD har vilga 44 millionar til drift for dei første fire åra. På opningsmøtet sa Solheim at prosjektet passar godt inn med kva område UD har tenkt å satse på i området. Dette er fred og forsoning, energi, miljø og kvinner.

Solheim uttrykte stor tru på at forskarar og politikarar kan ha gjensidig nytte av å samarbeide langt tettare enn det som ofte er tilfellet. Ei side er at politkarar kan mangle kunnskap, men ein frittalande utviklingsminister sa at ein ofte ser mykje forsking som er heilt irrelevant.

– Det verkar som om ein del forskarar aldri har vore i ein praktisk situasjon, der dei faktisk ser korleis ting fungerer. Dei veit heller ikkje korleis politikarar tenkjer.

Lite tenking i UD
Solheim nemnde Irak-krigen som døme: For å vite korleis dette ville utvikle seg kan ein ikkje fange det inn via teoretiske modellar. Ein bør ha vore i det kaoset som ein krig er for å ha føresetnader for å seie noko verkeleg vesentleg, sa Solheim.

Han kritiserte samstundes Utanriksdepartementet for å vere for lite teoretisk orientert og ha for lite fokus på det intellektuelle. Det blir for mykje praktisk tilrettelegging og for lite tid til den verkelege tenkninga, i følgje Solheim.

– Vi treng hjelp frå forskarar til å sortere all den tilgjengelege informasjonen som fins om dei områda vi er engasjerte, sa han.

Engasjert i Sudan
Sudan, som er eitt av samarbeidslanda i Nil-prosjektet, er no Norges største engasjement i utlandet. Noreg er mellom anna tungt inne i fredsprosessen på fleire felt.

Solheim uttrykte håp om at forskinga i Nil-prosjektet kan medverke til kontinuerleg diskusjon og kritikk av dette engasjementet.

UD tek no også initiativ til eit forskings og universitetssamarbeid med Sør-Sudan og ønskjer hjelp til dette frå Nil-prosjektet.

Ekstrem variasjon
Utfordringane og muligheitene for forsking er enorme i dette området sa professor Terje Tvedt på opningsmøtet.

– Det er ein ekstrem variasjon når det gjeld dei fleste tema. Frå eldgamle statsdannelsar som Egypt til område i Sør-Sudan der du ikkje ein gong har lokale høvdingar. Det er eit område som er herja av krig og det er eit stort grunnlag for konflikter. Det er eit studieområde for utviklingsforskarar, for dei som driv med natur og miljø eller studier av religiøse samfunn, for å nemne noko, sa Tvedt. Han sa vidare at vi lever i ei historisk epoke der den gamle utnyttinga av Nilen blir endra på grunn av ny teknologisk utvikling.

– Nildalen kjem til å vere ein viktig stad for utviklinga i heile verda, sa Tvedt.

– Det som gjer området særskilt viktig er også dei samanveva konfliktene, i motsetnad til mange andre stader i verda, der vi ser meir isolerte krigar, avslutta Erik Solheim.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed