Stoppar stor hjartestudie

Publisert:22. april 2017Oppdatert:24. oktober 2005, 13:00

Tre tusen hjartepasientar frå Vestlandet har deltatt i ein B-vitamin-studie (WENBIT) i regi av Helse-Bergen og Helse Stavanger sidan år 2000. Denne er no stoppa.

Hovudårsaka til at ein no avsluttar studien før tida er medieoppstyret rundt NORVIT-studien, der forskarar ved Universitetet i Bergen (UiB) og Universitetet i Tromsø har samarbeidd. Dette i følgje leiar for WENBIT-studien, overlege Ottar Nygård ved Hjerteavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus.

Det var i byrjinga av september at resulata frå NORVIT-studien blei lagt fram på ein internasjonal hjartekongress i Stockholm. Resultata viste at tilskot av B-vitamin til pasientar som nyleg hadde hatt akutt hjarteinfarkt ikkje hadde nokon sikker forebyggande effekt mot ny hjarte- og karsykdom eller mot død. Det blei tvert imot hevda at kombinasjonen av to ulike av B-vitamin (B6 og folsyre) i høg dose kunne være skadeleg og blant anna auke risikoen for kreft.

Ein fjerdedel av pasientane i NORVIT fekk denne type studiemedisin.
Pasientane i NORVIT og WENBIT er noko ulike, NORVIT-pasientane har hatt hjaarteinfarkt, medan WENBIT-pasientane er stabile hjartepasientar. Det har imidlertid blitt nytta same studiemedisin i dei to studiane, noko som gjer at ein sinare kan slå dei samman for felles analysar.

Redde pasientar

– Resultata frå NORVIT har naturleg nok blitt fanga opp av pasientane i WENBIT og skapt frykt for at nettopp dei har fått behandling som kan vere farleg. Mange pasientar i WENBIT har sjølve valt å slutte med studiemedisinen, eller har vore sterkt i tvil om dei skulle fortsette, seier Ottar Nygård. Han meiner at resultata frå NORVIT burde vore lagt fram på ein litt annan måte, særleg fordi resultata med omsyn på for eksempel kreft langt frå var statistisk signifikante og såleis mest sannsynleg ikke skuldast ein ugunstig effekt av behandlinga.

Han seier at det skal særs tungtvegande grunnar til å stoppe ein studie før tida då dette kan medføre at arbeidet med studien meir eller mindre blir bortkasta. Når slike studiar ofte kostar fleire hundre millionar kroner å utføre for industrien, seier det seg sjølv kva verdiar som her står på spell, påpeikar hjartespesialisten.


Fekk etisk problem

– For oss vart det først og fremst eit etisk problem om vi skulle fortsette. For å hjelpe oss med denne avgjerda, har vi ved hjelp av ein såkalla sikkerheitskomité fått utført eit avgrensa antal statistiske analyser for å undersøke effekten av B-vitaminane i WENBIT. Vi som er ansvarleg for studien har ikkje tilgang til resultata, men har fått opplyst at statistikken ikkje har vist alarmerande funn. Sikkerheitskomiteen har likevel råda oss til å avslutte studien då mange pasientar likevel allereide har stoppa nettopp av frykt, seier Nygård.

Dei har difor sendt brev til pasientane i studien om at dei skal slutte med studiemedisinen straks, men at dei skal få utført ein sluttkontroll som planlagt dei neste månadene. I gjennomsnitt har pasientane i WENBIT delteke i omlag tre år i studien.


Ikkje farleg med vitaminer

Resultata frå NORVIT viser at det mest sannsynleg ikkje er nokon forebyggande effekt av å ta tilskudd av B-vitamin etter hjarteinfarkt. Nygård trur dette kan skuldast at ein stor andel av pasientane i NORVIT ikkje hadde nokon alvorleg B-vitamin mangel. Både NORVIT og WENBIT vil undersøkje om det kan vere ein effekt av B-vitamin blant dei som har slik vitaminmangel.

– Dersom resultata blir bekrefta i WENBIT og andre B-vitamin studiar, så er det ikke svært overraskande, seier Ottar Nygård. Tidlegare studiar med andre vitaminar som vitamin C eller vitamin E har heller ikkje vist sikker helseeffekt sjølv om studiar i mindre skala eller til dømes i dyr eller cellekultur har antyda ein gunstig effekt.
Resultata frå WENBIT er truleg først klare om eit år.

Nygård seier at det er viktig at resultata frå NORVIT ikkje må framstillast som om det er farleg å ta vitaminer. Han åtvarar mot at alle pasientgrupper no skal slutte å ta folat og B-vitamintilskot. Kvinner som planlegg graviditet blir anbefalt å ta folat for å hindre ryggmarksbrokk hjå barnet. Dette bør dei absolutt fortsetje med, seier Nygård, sidan folat meir enn halverer risikoen for ryggmargsbrokk. Han er derimot skeptisk til at friske personar nyttar ulike vitamin- og kosttilskot.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed