John Lund får utstilling

Publisert:10. juni 2005Oppdatert:10. juni 2005, 14:43

SV-fakultetet feirar hundreårsjubileet for unionsoppløysinga med ei utstilling om politikaren John Lund, mannen som har gjeve namn til plassen utanfor Lauritz Meltzers hus.

Namnet til John Lund har nok hamna i skuggen av den samtidige Christian Michelsen, men Lund har også ei lang merittliste: Han var både ordførar, stortingsmann og lagtingspresident. Dessutan har han æra for å ha grunnlagt den bergenske 17. mai-feiringa i si noverande form, og kvart år stoggar morgonprosesjonen på John Lunds plass for å heidre den gamle politikaren. No har mannen sjølv, og gatemiljøet han budde i, blitt utstilling på SV-fakultetet.

– Vi trong ei utsmykking i fakultetsekspedisjonen, og vi ønskte oss noko som kunne gje fakultetet ein romleg identitet og gje det eit band til staden der det ligg. Kven var eigentleg John Lund? Korleis har denne staden sett ut tidlegare? Sidan Lund var stortingsmann under unionsoppløysinga, høvde det dessutan bra å knyte dette til hundreårsjubileet, fortel fakultetsdirektør Lise Gundersen.

Vil ha fleire bilete

Utstillinga held til i fakultetsekspedisjonen i fjerde etasje i Lauritz Meltzers hus, og har form av eit fotoalbum der dei gamle fotografia er plasserte i gatebiletet i denne delen av Nygårdshøyden. Samlinga viser bilete frå førre århundreskifte og fram til i dag, men med hovudvekt på tida før 1950. John Lund sine etterkomarar har stilt bilete til disposisjon frå private samlingar og skaffa opplysingar om John Lund, og fylkesarkivet har også lånt ut materiale. Turid Mellemstrand ved Bryggen museum har vore formgjevar for utstillinga.

– Etter kvart vil vi gjere utstillinga tilgjengeleg digitalt på nettsidene våre, og vi ønskjer også å kome i kontakt med folk som har bilete som passar inn i utstillinga. Slike bilete vil vi avfotografere og lage ei minnebok, og på den måten kan utstillinga vekse etter kvart som vi får nytt materiale, seier Gundersen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed