Blumenthal-dokumentasjon i gåve

Publisert:10. desember 2003Oppdatert:10. desember 2003, 10:55

Universitetsbiblioteket har fått eit unikt forskingsmateriale om syttenhundretalskunstnaren Mathias Blumenthal i gåve. Den upubliserte avhandlinga har vore klausulert sidan 1950 og inneheld både originalmanuskript og eit stort biletmateriale.

– Vi set stor pris på gåva, og er spesielt glade for å ta vare på eit upublisert vitskapeleg arbeid, seier Rune Kyrkjebø, leiar ved Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket.

Forskningsmaterialet vart for første gong presentert offentleg på Rasmus Meyers samlingar 4. desember. Til stades var leiarane for Bergen Kunstmuseum og representantar frå Seksjon for kunsthistorie og Universitetsbiblioteket.

Førstebibliotekar Jan Olav Gatland framheva at materialet viser sider ved Blumenthal som ikkje er kjend frå før. Mellom anna fortel biletsamlinga, som i hovudsak er fotografi av Blumenthals bilete, korleis kunstnaren jobba. I eitt av dei 260 store arka som er i samlinga er det til dømes eit bilete som viser målerens teknikk når han er ute i naturen og målar landskapsbilete. Ein kan også lese ut av bileta korleis Blumenthal kopierte andre, ofte ved å kopiere ein detalj og sette inn i ein annan samanheng.

Viktig kunstnar

Mathias Blumenthal blir rekna som den kanskje viktigaste biletkunstnaren i norsk kunsthistorie frå midten av 1700-talet. Han måla mellom anna landskap, portrett og utsmykningar, og har blitt karakterisert som ein overgongsskikkelse mellom barokk og rokokko. Mest kjend er han for det såkalla Blumenthal-rommet i Rasmus Meyers samlingar.

Den unike gåva er skjenka av Per Gandrup, sonen til den avdøde bergenskvinna Anna M. Gandrup, som i 1950 skreiv ei omfattande magistergradsavhandling om Blumenthal. Gandrup flytta imidlertid til Portugal, la forskinga på hylla og arbeidde i staden med hesteavl. Ho hadde truleg planar om å arbeide meir med avhandlinga og ønskte å få henne publisert, men det vart aldri noko av. Det sirleg utførte og grundige arbeidet vart liggjande ved Universitetet i Oslo, der det var klausulert - heilt til det nyleg kom til Bergen.


Brevveksla med Anna M. Gandrup

Den einaste som har lese avhandlinga på dei over femti åra sidan ho vart skriven, er Tor Eigil Røssaak. Han har hatt ei særskilt interesse for Blumenthal og brevveksla med Anna M Gandrup på 1990-talet. Røssaak fekk då lese avhandlinga. Då Røssaak tidlegare i år igjen tok kontakt for å høyre kva planer ho hadde med avhandlinga, var ho død. Sonen hennar, Per Gandrup, hadde då allereie planlagt å skjenke avhandlinga og billedsamlinga hennar til Universitetet i Bergen.

– Den viktigaste grunnen til dette er nok at Blumenthal skapte det meste av kunsten sin i Bergen, i tillegg var Anna M. Gandrup sjølv bergensar og ho hadde hatt kontakt med kunsthistorikarar her, fortel førsteamanuensis ved seksjon for kunsthistorie, Sylvi Evjenth, som sjølv prøvde å få innsyn i avhandlinga tidleg på 1980-talet, men fekk avslag. Gandrup si grunngjeving var at ho sjølv ville arbeide vidare med stoffet.


Vil bli tilgjengeleg

No skal avhandlinga kopierast og bli tilgjengeleg for studentar og andre interesserte. Originalmanuskripta skal takast vare på ved Universitetsbiblioteket, og blir slik sikra for offentlegheita og kunsthistorisk forsking.

- Kunnskapen om Blumenthal blir no lettare tilgjengeleg gjennom det som skjuler seg i avhandlinga. Dette er av både kunsthistorisk og kulturhistorisk verdi, seier sjefskonservator ved Bergen Kunstmuseum, Knut Ormhaug, som var tilstades ved visninga i Blumenthal-rommet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed