Målpris til UiB

Publisert:24. februar 2003Oppdatert:24. februar 2003, 12:55

Universitetet i Bergen er tildelt Hordaland Mållag sin målpris for 2003. Leiar i mållaget, Øystein Skjæveland, nytta høvet til å oppmode UiB om å gå inn for ein nynorskandel på minst 50 prosent innan 2005.

Overrekkinga av prisen skjedde på årsmøtet i Hordaland Mållag laurdag 15. februar. Rektor Kirsti Koch Christensen var til stades for å ta imot prisen på vegner av Universitetet.

– Det er jo stas for ein riksmålstalande austlending som meg sjølv å motta ein slik pris, meinte ho.

Gåva frå Mållaget var eit bilete av målaren og grafikaren Magne Kjellesvik. Biletet vart overrekt av leiar Øystein Skjæveland, og ber tittelen «Søknad om tilbygg». Såleis skulle det passe bra for UiB.

– Dette skal få henge på kontoret som ei påminning, sa Christensen.

Oppmuntring til vidare innsats

I grunngjevinga frå mållaget heiter det at UiB får prisen «for å ha vist vilje til å satsa på å nytta det nynorske målet i stor grad i universitetet sine publikasjonar og utlysingar. Prisen er òg meint som ei oppmoding om å setja seg endå høgare mål i åra framover.» Mållaget nemnde særleg pressemeldingar, interne skriv og internett-sidene som område der UiB kan sjå nærare på målbruken.

Rektor Kirsti Koch Christensen sa i sin takk at ein må hugse at spørsmålet om målform ikkje berre gjeld kvantitet, men også kvalitet.

– Vi ønskjer heile tida å betre den språklege kvaliteten på alt skriftleg materiale som går ut frå Universitetet. No er UiB under sterkt press for å publisere og undervise meir på engelsk, og det er klart at vi kan ikkje ha som mål å trekke til oss mange utanlandske studentar og så krevje at dei først må bruke eit år på å lære seg norsk. Men vi har også ei viktig oppgåve i å utvikle norsk - i alle former - som fullverdig akademisk bruksspråk, minna ho om.


Hovudregel om 30 prosent

Mållaget fekk ingen klare lovnader om at UiB vil arbeide for 50 prosent nynorsk innan to år.

– Vi må jo passe på at vi ikkje vippar over på motsett side, slik som Høgskulen i Sogn og Fjordane gjorde for nokre år sidan, då dei fekk klage fordi dei brukte for lite bokmål, sa rektor, som samstundes understreka at sentraladministrrasjonen har gått i bresjen for ein sterk nynorskprosent ved UiB.

UiB påpeikar i sine retningsliner for målbruk at det er naturleg å leggje seg på ein høgare andel nynorsk enn dei 25 prosent som er minstekravet for offentlege institusjonar, og at føremålet er å stimulere til auka bruk av nynorsk. Universitetet har difor som hovudregel at minst 30 prosent av alt skriftleg materiale ved UiB skal vere på nynorsk. På nokre område ligg ein godt over dette målet. Stillingsannonser skal til dømes alltid ha denne målforma.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed