Forsking for fulle hus

Publisert:23. september 2002Oppdatert:23. september 2002, 12:54

Forskningsdagane 2002 vart ein udiskutabel suksess med svært godt besøk.
– Eg trudde forskarar hadde kvite frakkar og bustete hår. No veit eg at det ikkje er heilt sant, seier Gunnar Hestetun (14) frå Slåtthaug skole.

Det er fredag morgon klokka kvart over ti. Forskningsdagane 2002 er iferd med å opna og i andre etasje på Zachen er stemninga svett. Tre niandeklassar er pressa saman i eit lite lokale for å høyra 9F ved Slåtthaug Skole presentera funna frå klima-prosjektet dei har gjort i samarbeid med UiB. Gjennom knirkande mikrofonar, men med stø framføring, fortel niandeklassingane om prosjektet sitt. Dei har prøvd ut ein komplisert klimamodell som også “verkelege” forskarar nyttar seg av for å forutseia klimaendringar. Klassen har velt seg ut eit scenario der det er stor skilnad på fattig og rik for å sjå kva konsekvensar det får for klimaet på kloden. Etterpå er det stor applaus, men ingen spørsmål frå salen.

– Det var litt pinleg å stå der oppe, men vi har funne ut mykje om klima med dette prosjektet. Det er veldig lærerikt for å seia det sånn, seier Gunnar Hestetun (14). Han og Kristine Sivertsen (14) frå 9F seier at dei veit meir om forskning enn før.

– Eg trudde forskarar hadde kvite frakkar og bustete hår. No veit eg at det ikkje er heilt sant, seier 14-åringen. Men forskarar vil dei ikkje bli, verken han eller Kristine andre. Forskning som hobby derimot, er dei einige om høyrest bra ut.

Olaug Vetti Kvam frå Nettverk for miljølære ved UiB har samarbeida med læraren til 9F ved Slåtthaug Skole om prosjektet. Ho er svært nøgd med samarbeidet.

– Det er veldig gøy å oppleva måten elevane tenker om så komplekse problemstillingar. Vi visste ikkje om vi turte å bruka ein så vanskeleg modell i elevarbeid. Dette er den same modellen som forskarane brukar og faktisk fungerte det kjempefint. Elevane har fått det til, seier Olaug Vetti Kvam. Ho legg til at alle skular no kan bruka den nye modellen gjennom nettstaden miljolare.no.

Mamma først

– Hei, har du lyst til å laga ein relasjonsskulptur?
– Ein kva..? Kva er ein relasjon?
– Ja, det er familie og sånn. Venner og klassekamerater, veit du… Kari Bjørgo Johnsen frå Kunsthøgskolen har det ikkje heilt lett når ho skal forklara kva ein relasjon er. Men relasjonsskulpturar blir det etterkvart der i alle fall mamma og pappa har ein sentral plass.

I eitt blått telt på Zachen sin uterestaurant kan ein laga sin eigen relasjonsskulptur. Her klumpar born seg saman rundt gule, grøne, raude, blå og lilla plastrøyr med påskrifter som mamma, pappa og bestevenn.

– Ja, du kan ta mamma først og så tar du pappa litt der ute på sida, seier ein sjetteklassing som avsluttar skulpturen med eit lite hjarta over mamma og pappa sine hovud.


Bunad eller grandiosa?

– Mange meiner det er litt rare bilder til at det skal vera typisk norsk. Det synest vi er eit bra utgangspunkt for å snakka med ungane, seier Tone Lund-Olsen på Senter for kulturstudier sin interaktive forskingsstasjon når På Høydene treff henne under skuledagen på fredag 20.september. Her kan ein kikka inn i eit stort metallrør og sjå døme på norsk kultur; så som campingvogner, Pizza Grandiosa, tagging og bunad. Installasjonen hadde stadig små nysgerrigperar på besøk.

– Ho har vore der tre gongar no, seier Lund-Olsen og peikar mot ei jente som kikkar ivrig inn i ein liten opning i røret.

– Vi vil visa ein kultur som er i stadig endring, samstundes ber vi borna om å skriva ned det dei ser på som typisk norsk, sier Lund-Olsen som fortel at det er mykje bunad, flagg og natur i borna sine svar. Desse svara skal seinare brukast i eit undervisningsprosjekt på internett.


Mange interessert i fysikk

Alle stasjonane var opne både fredag og på open dag laurdag. Andre populære stasjonar var mellom anna værvarsling på direkten med den kjende NRK-metereologen Kristen Gislefoss. Mange stoppa og opp framfor dei putrande kjelene til Kjartan Olafsson og dei andre frå Fysisk institutt. Då På Høydene snakka med Olafsson laurdag ettermiddag var han etter eiga oppfatning heilt utslått etter mange timar i forskingsformidlinga si teneste. Hundrevis av born hadde då kjent kor vanskeleg det er å endra retning på eit sykkelhjul, og sett på dampen frå nitrogen som held 200 minusgrader.

– Vi har hatt veldig stor pågang, mykje godt vaksne folk, men overraskande mange barnefamiliar. Dei fleste har tatt seg god tid, sa ein blid Olafsson som er overtydd om at fysikk fenger.

– Vi har ofte skuleklassar på besøk på instituttet så her på Forskningsdagane har vi tatt med det vi plar ha suksess med under desse besøka, seier Olafsson


Opp fra sofaen

Av debattane som gjekk laurdag vart publikumsvinnaren diskusjonen mellom Holger Ursin og Frode Thuen om utbrenthet. Denne samla fullt hus.

– Det nytter ikkje å ligga på sofaen og eta øl og chips om ein vil bli frisk, sa Holger Ursin. Korleis ein kan bli frisk etter å ha fått diagnosen utbrent og i kva grad sosial status er avgjerande for kven som blir “utbrent” var blant emna som var oppe til debatt. Eit tydeleg engasjert publikum kommenterte ivrig påstandane frå Holger Ursin om at viljen til helbreding er den beste medisin.

– Eg trur forskningsdagane fyller eit behov, for folk verkar som dei har eit umettelig sug etter kunnskap. Forskningsdagane er ein møteplass mellom forskar og publikum der terskelen for å stille spørsmål og snusa på forskning er lav. Mange av dei som kom etterlyste meir av denne typen formidling, seier prosjektansvarlig for Forskningsdagane i Bergen, informasjonskonsulent ved UiB Margareth Barndon. Ho skryt av forskarane som stiller opp og som har stor evne til å engasjera publikum.

Forskningsdagane held fram til 29.september.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed